Det minkar i magasina til Tussa, men:

Produserer på høge prisar

Dei høge prisane i kraftmarknaden får Tussa til å produsere, trass i at det minkar i magasina.

SÆDALSVATNET MINKAR: Det minkar på magasinreservane i Sædalsvatnet etter ein sommar med lite tilsig av vatn. Høge prisar gjer at Tussa held produksjonen igang i ei tid på året då kraftturbinen i Gjerdsvika normalt står stille.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

– Til vanleg står mange av dei mindre kraftverka våre stille om sommaren, men i år køyrer enkelte timar på dagtid når prisane er på det høgste. Begrensa tilsig og minkande vasstand gjer at vi har redusert køyringa mykje i forhold til kva vi kunne ha gjort.