Enda ein vindskipkontrakt til Ulstein verft

Tyske Berhard Schulte har kontrahert sitt tredje vindfarm serviceskip hos Ulstein verft.

VEDLIKEHALD: Dette serviceskipet skal hjelpe til med vedlikehald av vindfarm.  Foto: Foto: Ulstein Verft

GLAD: – Ein viktig kontrakt for oss, seier konsernsjef Gunvor Ulstein. 

Nyhende

Dei to fyrste skipa til det tyske reiarlaget leverte Ulstein i 2016 og 2017. Det nykontraherte fartøyet skal leverast tidleg i 2020.

– Vi skal gjere vårt beste for å oppfylle forventingane deira også denne gongen, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein group i ei pressemelding.

Det nykontraherte fartøyet er utvikla av Ulstein Design & Solutions og skal støtte opp under vedlikehaldsarbeidet som GE Renewable Eneri har på den tyske vindfarmen Merkur Offshore.

Det 93,4 meter lange og 18 meter breie SX195-designet er optimalisert for offshorevind. Skipet skal innreiast for 120 personar, som får moderne fasilitetar av høg kvalitet.

Dette skipsdesignet er fleksibelt og attraktivt for arbeid både med drift og vedlikehald og som konstruksjonsstøtte, og særleg ved forhold der vêret og sjøen er utfordrande.

Kjempeviktig

Kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim seier det er ein kjempeviktig kontrakt Ulstein her har sikra seg.

– At ein kunde kjem tilbake på denne måten er veldig inspirerande og gledeleg, seier Solheim og viser til at fartøyet skal byggast etter same designet som Ulstein skal levere til Acta-reiarlaget.

Denne kontrakten er ifylgje Solheim kjempeviktig også med tanke på å halde folk i arbeid. Kontrakten tettar eit hol i produksjonen og er med på å sikre at dei Ulstein-tilsette har arbeid i fleire år framover.