Usemje mellom Telenor og Mørenett har gitt:

Forseinka mobildekning

Alt utstyr er kome på plass, men framleis må turistar og fastbuande vente på mobildekning i Goksøyra på Runde.

I RUTE MED DET MESTE: Telenor er i rute med alt det tekniske som må til for å gi 4G-dekning i Goksøyra på Runde. Det einaste som manglar er ein avtale om bruken av Mørenett sine stolpar til framføring av fiber.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

– Eg vil beklage sterkt overfor kundane våre i området Runde/Goksøyr at vi har blitt forseinka med 4G-utbygginga. Kva tid dei kan få «summetonen», kan vi dessverre ikkje seie noko sikkert om i dag, seier Pål Lukashaugen, som er prosjektleiar i Coverage, Telenor Norge.