Tilsette ved Restaurant Fosnavåg brygge:

Reagerer på usannheiter

Dagleg leiar Otto Sande tilbakeviser påstandane som hotelldirektør Gunther Dahler har kome med om bråk ved Restaurant Fosnavåg brygge under sommarfestivalen i juni.

TILBAKEVISER: Tilsette ved Restaurant Fosnavåg brygge kjenner seg krenka over påstandar som hotelldirektør Dahler har kome med i samband med skjenkekontroll under sommarfestivalen i juni.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

– Slike usanne påstandar vil vi ha oss fråbedne, seier Sande, som meiner «tullprat» er rette karakteristikken av forklaringa som Dahler kjem med i tilknyting til at Thon Hotel Fosnavåg fekk tildelt prikkar for brot på alkhollova som ansvarlege for skjenkinga på festivalområdet.