Ny kontrakt på tre år for Havila Harmony

Havila Shipping har fått ei treårskontrakt med Reach Subsea for fartøyet Havila Harmony.

Havila Harmony  Foto: Havila

Nyhende

Kontrakten byr også på moglegheiter for forlenging i inntil to periode, kvar på eitt år.

- Kontrakten sikrar arbeid for eit minimum antall per år og eigar og leiar vil begge marknadsføre fartøyet for høgast mogleg utnytting, skriv Havila i ei pressemelding.

Akkurat no er Havila Harmony på veg til Las Palmas, Gran Canaria, der det skal utførast planlagt vedlikehaldsarbeid og klargjering for første kontrakt.