Varslingssystem for syklistar på plass

Herøy kunne fredag kome med gladnyheita om at det er kome på plass eit varslingssystem for syklistar i Sæviktunnelen.

SÆVIKTUNNELEN: Endeleg kan syklistar ferdast trygt i tunnelen.  Foto: Bjørnar Sævik

Nyhende

Dette vil med andre ord seie at syklistar no kan ferdast tryggare om dei vil besøke Runde.

Systemet, som no er ferdigstilt og testa, varsla med varsellys når det er syklistar inne i tunnelen. I tillegg vert syklistane talde. Dette er det fyrste anlegget av denne typen her i fylket.

– Herøy kommune gler seg over at Statens vegvesen har følgt opp saka etter at vi tok kontakt med dei fjor i sommar, seier Tanja Rafteseth på Herøy kommune sine nettsider. Ho legg også til at fleire har meldt ynskje om å sykle til og frå Runde på sommarstida, men at folk har kvidd seg på grunn av den uoversiktlege Sæviktunnelen.