- Eg ringde politiet igjen, og takka for elendig behandling.

Det seier Kvalsund etter hendingane han og kona opplevde onsdag kveld.

Ekteparet frå Kvalsund er på ferie i Sverige, og tok seg inn på Ingestrands Camping i Arvika onsdag 18. juli på ettermiddagen for å ligge der over natta. Fram til onsdagen var det berre fryd og gammen for dei, før alt vart snudd på hovudet.

Varsla bekymringsmelding

Tidlegare same dag hadde Odd Magne og kona sett sine svenske campingnaboar saman med tre hundar. Ein beagle, ein staffordshire bull terrier og ein liten bull terrier. Seinare på kvelden høyrde dei klynking og hyling frå nabovogna. Vindauge var opne, og rullegardinene var nede. Og eigarane? Dei var vekke.

- Det var Leandra som først fatta mistanke om at det høyrdest feil ut, med alle desse lydane. Ho sa at det er forskjell på leik og alvor. Sjølv har ho hatt hund i mange år i sitt heimland. Eg gjekk til resepsjonen og varsla det vi hadde fått med oss som ei bekymringsmelding, seier Odd Magne.

Guten i skranken sa til Kvalsund at det var lite han kunne gjere, anna enn å skrive ein notis på bestillinga deira.

- Det var ikkje godt nok for meg, for dei visste jo sjølvsagt telefonnummeret til eigaren av vogna. Vi forlangte at dei skulle ringe eigarane, men det vart ikkje gjort.

- Det var blod og kjøttrestar opp etter veggane

Vidare fortel Kvalsund at hundane hadde roa seg ei stund, men kl. 23 tok det seg opp att, berre mykje verre denne gongen.

- På dette tidspunktet hadde mange flokka seg rundt nabovogna. Vi var vel ei 20 personar som stod der og var kjempefortvilt.

Odd Magne ringde 112 fyrste gong kl. 23.10, og vart då kopla opp til Regionledningscentralen i Örebro.

- Dei sa rett ut at eg kunne vel ikkje meine at dei skulle kome å bryte seg inn i ei vogn utan eigars samtykke. Eg vart så provosert, seier Kvalsund og fortel at dei følte seg hjelpelause der dei stod.

Han ringde så alarmnummeret som stod i infobladet til campingen kl. 23.18. Samtalen varte berre i 2 minutt, men Kvalsund fekk ein vektar til å kome bort til campingvogna.

- Han spurde meg om kva politiet hadde sagt. Eg fortalde han alt, og vektaren sa seg heilt einig med politiet. Han konkluderte med at alle lydane frå campingvogna kom fordi vi stod utanfor og snakka.

Odd Magne fortel at dei høyrde ei veldig slåsting og kloring opp etter veggane.

- Etter ei lita stund kom eigarane tilbake, og fann beagelen hardt skada inne i campingvogna. Hunden hadde stått i bur, sidan den berre var åtte månader gamal, men hadde klart å kome seg ut. Det var blod og kjøttrestar opp etter veggane. Vi fann også tenner i dørken etter stakkaren.

Vidare fortel han at eine eigaren tok med seg hunden, som var surra inn i eit pledd, og køyrde til ein veterinærklinikk i Arvika.

- Dei kom tilbake etter ein halvtime med hunden i same pledd, død. Ho sat og gret i framsetet med hunden i fanget.

Sjekka ut i protest

- Eg ringde politiet igjen kl. 23.48, og det var same mann som tok telefonen fyrste gongen. Eg ville berre fortelje han at ein hund døydde på grunn av dette, og takka for dårleg behandling frå starten av.

Odd Magne seier at politimannen bad pent om unnskyldning, og vart plutseleg meir interessert i saka.

- Då ville han ha nummeret på campingvogna. Kva som skjer no, veit eg ikkje. Men eg håpar han tok tak i saka.

Ekteparet sjekka ut frå campingplassen i protest saman med alle som hadde stått rundt vogna medan det dei beskriv som ein tragisk hending skjedde.

- Hadde dei ansvarlege på campingen berre ringt eigarane, så hadde alle hundane hatt det godt i dag. Vi prøvde verkeleg å få hjelp, men når ein ikkje vert tatt seriøst, er det så vanskeleg. Eg heldt telefonen min heilt bort i vindauget når det stod på som verst, då sa politiet at dei berre leika seg. Han skulle berre visst kor feil han tok.

Etter at alle inntrykk etter hendinga har fått sige inn, sit Odd Magne og Leandra att med frustrasjon.

- Vi forstår ikkje at det vi opplevde er mogleg, og at vi fekk så lite forståing blant tilsette, politi og vektarar. Vi snakkar mykje om dette med dei andre, her vi er no. Det pregar oss framleis valdsamt.

- Vi er veldig lei oss

No håpar Kvalsund at leiinga på campingplassen tek lærdom av hendinga.

- Eg håpar personalet får opplæring i slike situasjonar for ettertida, seier han.

Ingestrands Camping fortel at heile situasjonen var uheldig.

- Vi er veldig lei oss for det som skjedde på vår campingplass. Dessverre oppfatta ikkje våre tilsette alvoret i situasjonen, og det beklagar vi, seier dei til Vestlandsnytt.

Vektaren, som jobbar i West Vakt AB, fortel at han mottok telefon om situasjonen kl. 23.18, kom til campingvogna sju minutt seinare.

- Då eg kom til vogna, stod det ei stor gruppe menneske utanfor. Frå vogna kunne ein høyre bjeffing. Eg forklarte til dei som stod der at eg ikkje hadde rett til å ta meg inn i vogna, og erklærte det upassande at nokon frå gruppa skulle å ta seg inn også, seier vektaren i West Vakt AB til Vestlandsnytt.

Han seier at han fortalde til gruppa som stod rundt vogna at hundane sitt stressnivå kunne auke, nettopp fordi det stod så mange folk der.

- Eg tok registreringsnummeret på campingvogna for å få informasjon om eigarane. På veg tilbake til Ingestrands resepsjon møter eg på ei gruppe menneske, vaksne og born, som er på veg til den aktuelle vogna. Det viste seg å vere eigarane. Klokka var då 23.35.

Vektaren fortel at han har 45 års erfaring både med eigne og andre sine vakthundar.

- Kven som har gjort rett eller feil, får andre bedømme. Men eg hadde ikkje, og ville framleis ikkje, brote meg inn i ei vogn med tre framande hundar.

Vestlandsnytt har prøvd å kome i kontakt med Regionledningscentralen i Örebro, som er knytt til denne saka, utan å lukkast.