– Det er framleis ikkje noko nytt om dei fire av Tesfamariam sin familie, som enno sit inne i det berykta fengselet Adi Abieto. Eit stort problem siste dagane er at politikontoret i Asmara har vore stengt, og politisjefen må godkjenne eventuell lauslating, skriv Kjetil Haanes på si Facebook-side 9. juli.

– I morgon (10. juli) er kontoret truleg ope nokre timar, og vi håpar at vi har godt nytt då, avsluttar Haanes.

Tre av barna til Tesfamariam er frigitt, og har det bra hos ei tante i Asmara, hovudstaden i Eritrea. Kona Eritrea (45) og barna Urdi (18), Simon (16) og Finot (4) sit framleis i fengselet.

Venta i 17 timar

10. juli la Haanes ut ei ny oppdatering.

– Det tek tid å få ut dei fire siste av Tesfamariam sin familie frå fengselet. Vi er avhengige av at politisjefen er på plass.

Etter at Tesfamariam si tante hadde venta i 17 timar utan å lukkast med å få avtale med politisjefen, var den endelege beskjeden at kontoret vart stengt i ei veke, slik at dei måtte vente med neste forsøk i minst ei veke til.

– Det er hardt både for Tesfamariam og for dei som er fengsla, ikkje minst sidan meldingane no går ut på at minstejenta på fire no er sjuk inne i fengselet.

Sjukdom og dødsfall i fengselet

17. juli kom siste oppdateringa frå Haanes på Facebook. Dei hadde eit håp om å endeleg lukkast med å få sett fri familien.

– For å få familien ut, må politisjefen godkjenne det, men han var ikkje på kontoret i dag sjølv om det er sagt at tysdagar er den dagen kontoret er ope. Dei tre barna som er sette fri har det bra, men langt verre er situasjonen i fengselet.

No er det mange som er svært sjuke, der dei sit tettpakka i hallar med lite tilgang til næring. Fleire skal ha døydd dei siste dagane.

– Berre i dag skal det ha døydd to barn, ifølgje Tesfamariam si tante. Fonat på 4 år har også vore veldig sjuk, men er no betre etter at tanta lukkast med å få ho innlagt på eit barnesjukehus i nokre dagar. No er Fonat tilbake i fengselet saman med mora og storebrørne. Vi kryssar fingrane for at dette endar bra for alle, avsluttar Haanes i si oppdatering 17. juli.