I veke 28 plasserte «Frukt og grønt»-avdelinga til Extra Fosnavåg seg på ein god fyrsteplass, etter å ha fått høgaste salsandelen blant Extra-kjeda sine 401 butikkar. Frukt og grønt-ansvarleg Gerd Botn er meir enn nøgd.

– Akkurat no er vi faktisk utselde for Valldal-jordbæra, men vi får inn nye bakkar med jordbær kvar måndag, onsdag og fredag, seier ho.

Botn fortel at dei har som mål å nå ein salsandel på 12 % på frukt og grønt av det totale salet til butikken, og at dei i veke 28 nådde heile 15,05%.

– Det er få prosent som skil mellom butikkane i landet, og det er alltid jamne tal som kjem kvar veke. I sommar har vi stort sett leie på topp 20, noko som er ganske bra.

Sjølv om frukt og grønt kan innebere så mangt, er det altså Valldal-jordbæra fosnavågarane kjøper mest.

– Det er mange som kjøper firekilosbakkane, då spesielt for å lage jordbærsylte. Vi har selt fleire bakkar no enn tidlegare år, seier Botn.