– Handball er no ein sport der du driv med eksplosiv styrke. No har eg byrja å gå turar på ujamt terreng, medan eg har på meg ryggsekk med vektskiver i. Det vert litt av det same som eg trur vi skal gjere i militæret. Eg må no lære meg å gå med ein tung sekk.

Thea Berge Baastad frå Kvalsund har hatt ein draum om å kome inn i militæret. Så kom brevet med innkalling til sesjon del 2. 19-åringen hadde nokre tankar om kva ho ville velje å gjere i militæret allereie då.

Leita etter moglegheiter

Dei fysiske og teoretiske testane vart gjennomførte i mars, etterfylgde av helsesjekk. Etter ein prat med sesjonsoffiseren, vart planane hennar derimot forandra.

– Eg fekk vite at eg kanskje –adde nedsett høyrsle, og så var eg lågare enn kva eg trudde. Då fall ganske mange av vala mine vekk. I ettertid fekk eg vite at eg ikkje hadde nedsett høyrsle likevel. Sesjonsoffiseren leita lenge etter andre moglegheiter for meg, seier ho.

Thea ville starte fyrstegongstenesta i sommar, så sesjonsoffiseren foreslå at ho kunne prøve seg i Luftversartilleribataljonen.

– Sesjonsoffiseren sa at ho sjølv har vore der, og trudde det kunne passe meg.

13. august vert Thea sitt liv i Herøy satt på vent i eit heilt år. Då reiser ho inn i Luftvernartilleribataljonen ved Ørland flystasjon – den einaste luftvernavdelinga i Noreg. For å førebu seg, fyller ho ryggsekken med vektskiver.

Ser opp til broren

Thea vaks opp med ein tre år eldre bror og ei ni år yngre syster.

– Eg er den mest bestemte i syskenflokken, og kanskje litt kverulerande, seier Kvalsund-jenta.

Ho smiler forsiktig, og flyttar vekk litt av det gyllen-blonde håret frå andletet.

– Men eg såg veldig opp til broren min og det han driv med. Eg trur han er noko av grunnen til at eg har vorte litt «gutejente».

I 2. klasse på barneskulen sperra Thea auga opp for handball, ein sport ho elskar og har drive aktivt med opp gjennom åra. Som 15-åring fekk ho dessutan jobb på treningssenteret, Aktiv Trening Herøy, der ho framleis jobbar deltid. Dei siste tre åra har ho gått media og kommunikasjon på Volda vidaregåande skule.

– Det går sjølvsagt mykje i trening. Eg er også glad i fotografere, så eg ser på det som ein hobby. Elles ser eg mykje på film, og likar å vere saman med vener. Og kjærasten min, legg ho til og gliser.

Eit «tenkeår»

Thea vart veldig glad då ho fekk beskjeden om at ho vart teken inn til fyrstegongstenesta. Ho ville utfordre seg sjølv, både fysisk og psykisk.

– Eg ville inn i Forsvaret. Eg veit ikkje kva skule eg vil gå, eller kva eg vil studere, og eg ville heller ikkje ta eit friår. Dette vert eit år der eg får tid til å tenke litt meir på framtida, og der eg får utfordre meg sjølv på eit anna nivå.

Thea ser ned, og fiklar litt med fingrane.

– Eg hadde eigentleg lyst inn i jegertroppen. Det var 500 søkjarar der, og berre 100 av dei som kom inn til opptaket. Eg vart teken ut, og var med på opptaket nyleg. Det var spanande og veldig utfordrande, spesielt då vi skulle sove ute. Det var iskaldt, og vi hadde berre inne-soveposar. Det vart lite søvn og lite mat.

Ho såg stor forskjel på deltakarane

– Eg synest det hadde vore kult å kome inn, men dei som kom seg gjennom heile uttaket fortente det meir. Det er dei som har hatt lyst til dette heile livet. Det var likevel kjekt å sjå korleis det var der.

– Ikkje berre for gutar

– Mange ser føre seg at det å vere i militæret er noko berre gutar gjer. Men slik er det ikkje, spesielt etter innføringa av allmenn verneplikt. Eg veit også at der er mange som tek heilt avstand frå det å tenestegjere i miliitæret, men slik har eg aldri vore.

Før kunne kvinner velje å avtene fyrstegongstenesta dersom dei ynskja det. 1. januar 2015 trådde elles ei lovendring om allmenn verneplikt i kraft. Dette medførte at kvinner fødde i 1997 og seinare er vernepliktige frå og med 2015.

– Bestemor og bestefar synest det er stilig at eg skal i Forsvaret, og når eg fortel det til folk, vert dei litt sjokkert først før dei seier: “Skal du det? Så kult”. Sikkert fordi eg er jente.

Jenter har noko dei må bevise ovanfor gutane når dei er i militæret, og stigmaet og dei høge forventingane forsvinn ikkje med det fyrste, trur Thea.

– Det vert berre vanlegare og vanlegare at jenter reiser i militæret. Likevel verkar det framleis som at ein må bevise at ein er både fysisk og psykisk sterk for i det heile å kunne vere der. Det er ein grunn til at Forsvaret har oppretta spesialstyrker kun for jenter - vi har andre kvalitetar enn gutane. Eg føler også at dei forventar at vi skal verte litt meir «gutete”, slutte med sminke og liknande, seier ho.

Håpar å finne sin plass

Thea gler seg til å verte kjent med nye folk, men trur det å nærast bu oppå kvarandre kan vere ei utfordring.

– Eg treng å få vere litt åleine av og til. Eg lurer på om eg kjem til å passe inn. Viss ikkje, trur eg det vert eit slit. Då vil eg kanskje sakne heimen og familien min litt meir. Det kjem heilt an på kva for andre personlegdomar eg kjem til å vere rundt, seier Thea og smiler stort.

Uansett ser ho fram til å gå i «kongens kle.».