– Eit slikt kart har stor betydning. Dette er ein viktig milepåle i å sette Herøy på geoturistars kart. Eg veit om mange som no kjem til å bli nysgjerrig på det berga i Herøy og Sande har å by på.

Slik kommenterer geologientusiasten og steineksperten frå Sjøholt, Hallvard Eide, det nye geoturismetilbodet som har vorte utvikla i Herøy. Vestlandsnytt har tidlegare skrive saker om Hallvard Eide, som omtalar seg sjølv som «steingalen».

Han har gjort spanande mineralfunn i kommunane på søre. Nyleg omtalte vi også at Eide har donert vekk delar av samlinga si til utstilling på Herøy rådhus og Thon Hotel Fosnavåg. Samlinga er på over 30 ulike spanande bergartar og minerala. Den er henta rundt omkring i Herøy og Sande.

Geologikart

Som eit tillegg til steinsamlinga har geodataingeniør i Herøy, Espen Bergø, laga ei kartløysing på nett. Kartet viser kva område steinane er henta frå, med bilete og ei forklarande tekst på kva type bergart og mineral det er. Samlinga og kartet er ein del av eit geoturismeprosjekt med mål om vise fram kva bergartar og minerala vi har i kommunane.

– Kartet viser eit rikt spekter av alt eg har funne ute i kommunane. Til og med nokre av dei mest sjeldne funna, utan at eg har røpa nøyaktig lokasjon for dei, fortel Hallvard Eide, og siktar med dette til funn av både rubin, safir og krystall.

SJÅ KARTET HER!

Interesse er nøkkelen

Eide vedkjenner at folk som er heilt ferske, og aldri har vore på steinjakt, kan ha litt vanskar med å finne alt ein ser på kartet, men …

– Det skal heller ikkje mykje til for at folk kan klare å gjere interessante funn. Det handlar berre om interesse, engasjement og litt forarbeid.

Eide anbefaler såleis folk som har lyst til å gå på skattejakt i kommunane om å sjekke ut samlinga fyrst.

– Då veit folk kva dei skal leite etter, forklarar Eide.

– Vis respekt

Då Eide håpar at fleire folk ute i søre luten skal bli bitt av steingalskapen, vonar han også at folk som har tenkt seg på steinsanking viser respekt.

– Eg kjenner alt for mange eksempel der folk har gått av skaftet og gjort skade på natur og berg etter avsløringar om spennande funn i eit område. Eg håpar derfor folk forstår viktigheita av å vise respekt for naturen.

Hallvard Eide ser på det som heilt akseptabelt om folk plukkar med seg eit og anna spanande funn i fjøra, det er då trass alt litt av gleda med det heile, fortel han.

– Men om du vil gå rundt og samle har eg som hovudregel å høyre med grunneigar fyrst. Finn ein interessante og verdifulle metall må ein også sørge for å finne ut om dette har blitt muta av nokon- om nokon har erverva undersøkingsrett i området, forklarar Eide.

Stort potensial

Elles held Eide fram med å tale varmt om potensialet som ligg i geoturisme i Herøy. Hallvard har, saman med Norsk geologisk foreining, vore med å arrangere Geologiens dag fleire plassar. Ein dag ein vier til informasjon om geologi i nærområdet, der ein til dømes kan ha guida turar.

– Etter kvart vil eg også prøve å få det til i Fosnavåg, seier han.

Han trur slike dagar kan vere med å for alvor trekke geoturistare til Herøy, noko det i ifølgje Hallvard kryr av rundt omkring i heile landet og utanfor landegrensene.

HALLVARD EIDE: Her ser vi Eide med delar av si store steinsamling i bakgrunnen. Bilete er frå tidlegare i år då Vestlandsnytt besøkte entusiasten for å sjå kva funn han har gjort i Herøy og Sande. Foto: Børnar Sævik
PÅ PLASS: Her ser vi Espen Bergø og Hallvard Eide sjå på steinane som er komne på plass i utstillingsmonteren på rådhuset. Foto: Josefine Spiro Foto: Bjørnar Sævik