(Fortald av Johanna Vattøy (fødd Aarsetøy), ført i pennen av Josefine Spiro)

Eg sprang berrføtt i lag med hunden og katten. Det var så kjekt å fylgje han bestefar når han skulle ut i fyrlykta ute på neset. Han sløkte henne på dagane for å spare olje, og den olja fekk han på lampene sine om vinteren. For det var ikkje godt den tida. Bort på øya sat dei. Eg var der då eg var lita.

Eg har aldri fått oppgitt kor stor øya er, men eg veit at det var ein lektor i Volda – lektor Kvalheim – som skreiv eit stykke om Årsetøya. Han skreiv «Det var eit kongerike på 40 mål». Så ho var ikkje stor. Men han bestefar rådde henne, han slo, og hadde kyr og sauer.

Den rette bestemora mi døydde etter at ho fekk tredje guten – eg veit ikkje om det var i barselseng. Då var far tre år gammal. Det var ikkje spøk å vere bestefar då ... Men han fór opp til Håvika og henta systera til bestemor, ho fekk hjelpe han. Så gifta han seg med henne og fekk fire born til. Difor hadde vi bestemor på Årsetøya likevel, og ho var kjekk og snill med oss.

Mora og faren min (Lars Kristian Aarsetøy og Elisa Larsine, fødd Aurstad) skulle først ta over ein gard på Folkestad, der bestefar på Årsetøya hadde ein bror. Han hadde ikkje barn, og så ville han at mor og far skulle ta over garden. Men far var vekke på arbeid sommarstid, og då vart det så travelt for mor. Ho greidde ikkje å styre med både meg (eitt år gammal), garden, og gamlefolket. Så då flytta vi inn til Aurstad. Bestefar (faren til mora) gav dei skøyte på garden, så dei fekk bu der inne, og då hadde mor det betre. Foreldra levde og hjelpte henne.

Broren min, Knut vart fødd i april 1925. Han var to og eit halvt år yngre enn meg. Systera mi, Margit kom to år seinare. Begge er døde no.

Me kraup inn i båsane med kyr og kalv og alt mogleg. Vi var ikkje redde dyra – dei var redde for oss. Mor ropte mang ein gong til oss: «No må de ikkje gå der så dei trakkar på dykk». Men dyra gløymde oss no etter kvart. Og vi var fornøgde berre vi fekk vere i lag på båsen og klappe dyra. Huffameg – du må ikkje skrive alt dette!

Søskenbarnet mitt, Signy Ryste overtok øya då onkel Knut døydde. Dei som eig øya no har laga i stand huset og stelt det. Eg er så kry av dei. Men museet som onkel Andreas laga, vart flytta til Austefjord skule rett før han døydde.

Det var så pussig. Dei var både oppfinnarar og redde for alt som var gammalt, så onkel Andreas hadde stort museum på Årsetøya. Han hadde først kaninar i det huset, og då dreiv han og samla på ting ute på klebua – men så vart det så fullt. Då slakta han kaninane og tok huset deira til museum. Han var så interessert i alt gamalt, at vi måtte ikkje kaste noko før han fekk sjå det. Og så laga han seg eit garn, som han brukte til å fiske opp mykje rare ting frå sjøen. Han merka det – stort og smått – og så kom det på museet. Han måtte til å bygge det ut.

Eg sprang rundt det museet og såg kor han styrte. Då var eg berre ei lita taus. Eg visste at han samla på ting og at han var redd for alle sakene. Eg fekk ofte høyre orda: «Auga gå, hendene stå». Og det lydde eg.

Onkel Andreas var så flink. Han gjekk på skule som sjuåring. Elles var han sjølvlært. Han gjorde storinnsats, kjøpte bøker, og lærte seg engelsk. Og han var veldig flink med hendene.

Så vart han sjuk og vart liggande. Då fekk han museet flytta inn til fastlandet, til Austefjord skule. Det har vorte mykje besøkt.

Eg hadde ei tante og tre onklar til, men det var berre tante Molla (Ingeborg) og onkel Johan som vart gifte. Dei andre hadde ikkje tida!

Onkel Ola vart kalla for «Bulder-Ola», for han stod alltid med smiene på Volda motorverkstad (Volda mekaniske Verkstad). Men han gjorde nok meir enn det, for han vart no ein av eigarane av motorverkstaden.

Onkel Knut tok seg av garden. Han og onkel Andreas (med museet) bygde båtar. Dei laga mange prammar i forskjellige storleikar, som dei rodde ut med når dei skulle fiske eller kome seg til og frå øya.

Vinterstid kunne fjordisen legge seg rundt heile øya. Somme tider kom dei seg ikkje på land – men andre tider kunne dei bryte seg ei råk. Då tok dei feringen, og så stod dei framme i stamna og braut og braut og braut. Men stundom var dei heilt innefrosne. Dei ordna seg deretter, og handla varer på butikken, så dei hadde så lenge dei trengde det. Men viss isen var trygg, då gjekk dei på skeiser. Så fór dei inn i Austefjorden og handla.

Eg var ikkje meir enn ti år gammal då eg byrja å gå på setra heime i Aurstad. Vi hadde kyr som skulle tørke opp, for dei skulle kalve om hausten. Difor hadde dei ikkje så mykje mjølk, men eg bar no mjølk og stelte mjølkekjøla. Og så stelte eg kyrne. Eg gjekk på setra heime heilt til broren og systera mi vart gamle nok, og då gjekk dei i lag.

Eg gjekk på skule i sju år. Vi gjekk skule to veker på og to veker av, for vi delte lærar med Bjørneset, så læraren flytta på seg. Når det var vår tur budde han i ei stove heime med oss. Eg kjende læraren vår godt.

Bestefar hadde ei syster i Hoggen i Vikebygda (i Volda). Den garden trengde nokon som gjekk på setra for seg, så eg fór dit den sommaren eg byrja å gå for presten. Tredjekvar helg måtte eg heim for å delta på gudsteneste i Austefjord kyrkje. Eg vart konfirmert hausten 1936.

I Hoggen gjekk eg på setra og mjølka kvar kveld. Mjølka hadde eg i 10–12 liters-hylke. Det vart ikkje fullt, men det var då to måltid. Mjølka vart kinna i kjellaren på garden, for der var fjøsen. Om morgonen var det opp, ut og stelle i fjøsen, ut på setra å mjølke, ta mjølka på ryggen og bere ho heim att. Det var kjekt arbeid. Eg hadde ikkje heimlengsel, for eg budde hos slekta vår, så eg kjende med heime i lag med dei. Dei var snille og flinke til å hjelpe meg viss det var noko.

Sommaren etter at eg vart konfirmert drog eg til Jøsok, for søskenbarnet til mor trengde meg der. Ho fekk ei taus og hadde to gutar frå før. Eg vart verande heile det året. Då gjekk eg på marka, mjølka kyrne, og lét dei ligge ute.

Der var nokre tauser som var like gamle som meg, som eg brukte å gå i lag med. Bestefaren deira ekspederte dampen på kaia. Han vart min svigerfar. Han fekk 11 barn. Den eldste døydde. Av dei ti som levde var der fire systrer og seks gutar.

I 1939 fekk eg eit brev frå bestemora til tausene på Jøsok, der eg hadde vore i teneste to år før. Ho var så dårleg, og tausene var leide og trøytte av å hjelpe henne. Dessutan vart dei gifte. Så ho spurde om eg kunne kome. Eg sa ja, og fór inn og tente henne i eitt år. Men då eg hadde vore der i ti månadar var eg forlova med han Ludvik (Vattøy, red. anm.). Han var den eldste av dei som budde heime då, og det vart til at eg fall for han. Den 3. juli, 1943 gifta vi oss. Då var eg 21 år gammal, og han var ti år eldre enn meg.

Vi fekk fem barn. Eg hadde det veldig godt med Ludvik, for han var snill og kjekk, og glad i meg og barna. Men no er det 23 år sidan han døydde.

Eg var heime åleine i nesten 20 år, men så datt eg og slo meg forderva. Eg har operert begge hoftene. Etter det slapp eg ikkje heim igjen.

Men eg har det godt her (omsorgsbustad i Myrvåg, red. anm). Her er fritt og kjekt, og eg kan gå meg ein tur på gatene kva tid eg vil. Dei passar godt på meg, er flinke og kjekke, så det er ikkje noko å peike på. Dessutan kjem dottera mi på besøk og set permanent på meg.

At synet og høyrsla skal vere så gale, er trasig. Men likevel, minna frå barndomen sit. Eg føler at det var ei god tid. Eg fekk lære meg å arbeide og å gjere det skikkeleg – det var ikkje berre å springe i veg.

Det var ikkje noka rikdomstid, men vi var fornøgde med det vi hadde. Me let fare fint med tinga våre, så dei ikkje vart øydelagde, for det var ikkje nytt å få med ein gong.

Ja, eg er glad eg har minne den vegen ...

Josefine Spiro