Dyr urinering i Fosnavåg

Nyhende

3000 kroner i bot, eller fengsel i seks dagar. Det er valet ein herøymann i 20-åra har fått av politiet etter at han blei teken for urinering på offentleg stad. Urineringa fann stad i Vågsgata i Fosnavåg i september i fjor. Politiet varslar at både bota og den alternative fengslinga vil bli auka om førelegget ikkje blir godteke, men må gå til retten.