– Eg har fått fleire henvendelser frå føresette som vil ha kurs i hjarte-, lungeredning etter saka som blei kjent i Vestlandsnytt i førre veke.

Dette seier Karl Petter Sortehaug, dagleg leiar ved Sunnmørsbadet, og viser til førre vekes oppslag om då Marita og Espen Gulbrandsen opplevde ein kvar forelder si største frykt, då sonen William (4) forsvann på badeland. Heldigvis gjekk det bra med guten, takka vere heroisk innsats frå badevakter og helsepersonell, men det sett likevel djupe spor i liva til pårørande.

– Eg vil fyrst og fremst få nytte anledninga til å rose dei tilsette ved Sunnmørsbadet som gjorde alt rett i denne situasjonen. Eg vil også tillate meg å løfte fram at vi har få alvorlege hendingar på vårt anlegg med tanke på at vi nærmar oss 300 000 besøkande, fortel Sortehaug.

Likevel har det, naturleg nok etter denne saka, meldt seg ein aukande etterspurnad etter HLR-kurs frå foreldre, fortel Sortehaug.

– Og dette er sjølvsagt ein førespurnad vi vil svare på, svarar han.

Sunnmørsbadet planlegg derfor no å arrangere eit kurs på hausten der ein vil få moglegheit til å lære livsviktig førstehjelp.

Vis ansvar

Men sjølv om kurset blir haldt til hausten, er det no badesesongen er her for alvor. Derfor har Karl Petter også nokre råd til alle som vil utfordre dei norske badetemperaturane.

– Hugs, dei som druknar ropar ikkje. Skal ein passe på folk som er ute og badar må ein ha auga med seg. I tillegg må eg igjen påpeike viktigheita av opplæring og at folk, spesielt i vår maritime region, gjer seg kjend med rutinar for til dømes hjarte-, lungeredning.

Ein annan ting Sortehaug håpar folk i området gjer, er å gjere seg kjend med kvar ein finn hjartestartarar i kommunane og såleis lærar seg å bruke dei.

– Vi har hjartestartarar fleire stadar, men veit folk kvar dei finn dei? spør han.

Som ei opplysing kan ein legge til at denne informasjonen er lett tilgjengeleg på 113.no, eller gjennom fleire helseappar for smarttelefonar.