Det er lensmann Tor Sæther som opplyser om nyheita. Det heile er å sjå på som eit formalisert samarbeidsforum for det lokale kriminalitetsførebyggande arbeidet, for samordning av beredskapsplanar og for arbeid med samfunnstryggleik.

Lensmannen i Herøy, Sande og Vanylven fortel også at det nye rådet mellom anna skal sikre utveksling av kunnskap og erfaring mellom politi og kommune. På slikt vis skal politirådet bidra til involvering og ansvarleggjering av lokale mynde, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.

Politirådet består av ordførar, rådmann, sekretær frå kommunen, lensmann og politikontakt. Andre kan bli trekte inn ved behov alt etter som kva saker som står på agendaen.

– Eg har gode erfaringar med denne type råd frå Vanylven. Det er fint å formalisere slike samarbeid, seier Sæther om det tettare samarbeidet med kommunane.