Trass store nedskjeringar på det nasjonale budsjettet, er situasjonen i Herøy og Sande så alvorleg at våre kommunar vert prioriterte. Heldigvis har Mattilsynet hatt vêret på si side.

– Klimaet har vore mykje gunstigare for oss i år enn i fjor. Det har vore varmt og tørt, og bakterien treng fukt for å spreie seg. Difor reknar vi ikkje med veldig stor spreiing i år, seier seniorinspektør Margit Kristin Otterlei i Mattilsynet.

Dei vil bruke alt dei har av årets midlar på fjerning av pærebrann-råka hagebuskar i vårt område. Korleis det blir neste år, er for tidleg å seie noko om, men ...

– Per no ser det ut til at vi skal bli heilt ferdige med utryddinga i år, seier Otterlei.

Har kome langt

Mattilsynet har allereie rydda Leinøya, Nerlandsøy og Gurskøya bortsett Haugsbygda og innover mot Gjerdsvika, der noko framleis står att.

– Vi held på å rydde på Bergsøya, og så skal vi i gang med Remøya. Runde er smittefri. Det same gjeld Kvamsøy, Sandsøy og langsmed kysten frå Leikong til Larsnes, seier Otterlei.

Mattilsynet konstaterer at Volda, Ørsta, Folkestad, Lauvstad og Fiskå er smittefrie, medan Ulstein og Hareid må undersøkast meir.

Birøktarar vart prioriterte

Bier og humler vert ikkje sjuke av pærebrann-bakterien, men dei kan bere med seg smitte.

– I ytste konsekvens kan dei bere med seg smitte til frukttre, seier Otterlei.

Dette har vore ei utfordring for birøktarar, då dei som driv stort på Sunnmøre, fraktar biene sine til frukthagar andre plassar om sommaren.

– Vi hadde eit møte med dei registrerte birøktarane i distriktet i vinter. Då sa vi at viss dei gav beskjed, kunne vi rydde dei områda biene deira ferdast i først, seier Otterlei.

Dei som var tidleg ute, vart dermed prioriterte, og dei har fått flytta biene sine dit dei ville, også denne sommaren.

– Dei som sa ifrå seint, har måtte finne seg nye plassar, seier Otterlei.

No håper ho at vêret held seg mest mogleg tørt og varmt, så utryddingsarbeidet kjem i mål, truleg i november.

Seniorinspektør Margit Kristin Otterlei i Mattilsynet. Foto: privat