Lenger bak i førre vekes avis presenterer vi hovudfunna i Kommunebarometeret. 425 av 426 kommunar er rangerte av Kommunenes Sentralforbund (KS) sitt blad Kommunal Rapport.

Herøy endar på 133.-plass. Kommunen har klatra heile 86 plassar sidan fjorårets måling, då Herøy hamna på ein 219.-plass. Sande hamnar totalt sett på ein 306.-plass, som er 53 plassar lenger ned enn i fjor.

Ofte er det slik når slike målingar blir presenterte, at dei kommunane som kjem høgt opp, gjerne feirar plasseringa, og at det vart tydeleg markert ikkje minst i media.

I motsett fall, der kommunane kjem langt nede på tabellen, kjem det stundom litt dårlege forklaringar på årsakene, og der enkelte stundom fell for freistinga til å avvise viktigheita av slike i utgangspunktet seriøse målingar.

Eit tips til kommunane er å bruke barometeret aktivt. Ikkje alle kjem til å bli best, men alle kan bli betre. Vi ser at Sande er gode på grunnskule, eit felt også Herøy er gode på. I begge kommunane er det ein veg å gå før ein er på høgde med snitten innan pleie/omsorg. Her kjem Sande svakast ut.

Det er ei rekkje spørsmål kommunar og folkevalde kan stille seg ut frå resultata Kommunebarometeret presenterer. Her er nokre av dei:

■ Kva gjer begge kommunar så bra at dei endar i mellom den fremste «fjerdedelen» i landet når det gjeld grunnskule? (hald fram det gode arbeidet).

■ Kvifor ligg begge kommunar langt nede i pleie/omsorg? (stort forbetringspotensiale)

■ Kvifor fell Herøy slik i rangering når det gjeld barnehagetenester?

■ Kva er årsaka til at Sande ramlar ned 116 plassar innanfor tenesteområdet barnevern?