Søre Sunnmøre Landbrukskontor har sidan 1990 vore eit interkommunalt samarbeid for kommunane Herøy, Ulstein og Hareid, med tilhaldsstad i Dragsund. Ved nyttår vart landbrukskontoret omorganisert frå å vere eit interkommunalt samarbeid til å bli ei avdeling i vertskommunen Herøy.

– Dette vil i praksis seie at vi har fått moglegheit til å gjere delegerte vedtak i mindre saker. Utanom det er det slik som det var før. Vi er framleis eit felles landbrukskontor for Ulstein, Hareid og Herøy. Vi har også eit samarbeid med Sande på skogforvalting, forklarar avdelingsleiar ved landbrukskontoret, Anne-Kathrine Løberg.

Nye lokale

I tillegg til omorganiseringa ved nyttår har landbrukskontoret nyleg flytta seg ein snau kilometer lenger aust til nye lokale. Innflyttinga starta i førre veke. Dei nye kontora er i det tidlegare Fristadbygget med adresse Nedre Dragsund 2.

– Flyttinga har eigentleg gått smertefritt. Vi hadde berre ein dag vi ikkje var operative. Sjølv om der er nokre små-ting som ikkje er heilt på plass, er vi heilt oppe og går, fortel Løberg, då Vestlandsnytt besøker dei nye lokala.

– Vi er veldig fornøgde med dei nye lokala. Vi har alle fått vindaugsutsikt, smiler dei tilsette.

Ikkje store endringar

Anna enn at kontoret har flytta, vil ikkje folk merke store endringar.

– Vi ligg fortsett like sentralt som vi alltid har gjort. Opningstidene er dei same og såleis er tenestene dei same, forklarar staben ved landbrukskontoret.