Når vi kjem til Sandefisk denne sommardagen, er det hektisk aktivitet. Her skjer det noko over alt. Trucken køyrer att og fram mellom mottakskaia og hallane. Ein storbil med som er merka Løvold Transport er i ferd med å bli lasta. Fiskebåtar stimar mot den skjerma og gode hamna.

Det er folk i sving i alle lokale. Inne i ein av hallane finn vi den reinaste ungdomsavdelinga. Her jobbar fleire unge menn med vidare tilverking av lange og brosme.

Båt og brakke

Adrian Sætre (16) tek sjølv båt over fjorden frå Gursken til sommarjobben sin på Sandshamn. Martin Myklebust (18) har endå kortare reiseveg. Han bur like ved mottaket.

Herøygutane Joakim Eid (17) og Simon Voldsund (17) gjer det annleis. Dei vekependlar.

– Vi kjem hit søndag kveld og bur i brakker ved bedrifta. Det går heilt fint, slår dei fast.

Leiinga i Sandefisk opplyser at det er ei bevisst satsing dei har når det gjeld sommarvikarar frå yngre krefter.

Bevisstgjering

– Dette går både på rekruttering og bevisstgjering av at eit fiskemottak kan vere ein fin og gjevande arbeidsplass, seier mottaksformann Bjørn Thore Hansen i Sandefisk.

– Eg vil nytte høvet til å skryte av desse ungdomane. Dei er kjekke og gjer ein veldig god jobb, seier logistikksjef Nina Sande i Sandefisk.

Det er hennar barnebarn Nikolai Sande – herøygut som har gjort sandssokning av seg – som har oppsyn med ungdomane filet- og flekkjeavdelinga. Nikolai er mellom dei fast tilsette i bedrifta.

Gutane sjølve meiner dette er ein topp sommarjobb. Bra løn har dei også, opplyser dei til Vestlandsnytt.

Lange vert lutefisk

I det siste har fisket etter lange og brosme vore veldig bra. Når vi er innom mottaket, kjem først Eldorado innom med ein bra fangst. Like etter sig herøybåten Skogligut inn til kaia. Begge er autolinebåtar.

– Vi er her med fem tonn i dag. Tre og eit halvt tonn av det er lange, seier skipper Bent Erik Kopperstad på Skogligut. Nerlandsøy-fiskarane er bra nøgde med fiskeriet. Kanskje litt uvanleg frå fiskarhald er dei også rimeleg rimeleg nøgde med prisane.

– 19 kroner kiloen for kappa og sløgd lange er ikkje så verst, kommenterer Kopperstad.

Den litt større Eldorado, ein båt som vart oppattkalla etter ein legendarisk fiskebåt med same namn frå frå Flatøya/Voksa, har endå meir i rommet.

– På det meste har vi vore oppe i 12 tonn lange. Også i dag har vi nokre tonn med oss. Men såpass må det vere, vi er trass alt seks mann å fordele det på, seier skipper Olve Ryland.

– Langa og brosma går i stor grad går til vår partnar Per Stave på Stadlandet, der det blir lutefisk til vintersesongen. Frå før har vi MSC-sertifisering på torsk, sei og hyse. No er slik godkjenning også på plass for lange og brosme, seier Bjørn Thore Hansen.

Han opplyser at bedrifta har ei klar målsetting ikkje berre om å rekruttere fleire yngre, men også at prosentdelen norske arbeidarar vert endå høgare. Bedrifta lokkar med heilårsdrift og veldig greie arbeidsforhold.

Tidlegare i år varsla leiinga i Sandefisk (ein del av GO Group) at dei vil leggje ned aktiviteten ved mottaket på Sandshamn viss skulen blir nedlagd.

Så lenge skulen er på plass som ein viktig faktor for utviklinga på øya vil Sandefisk i staden auke den lokale satsinga og dermed også sysselsettinga. Selskapet planlegg for tida realisering av ein ny firemannsbustad i bustadfeltet på Sandshamn. Ein grei rekneskap for 2017 er heller ikkje noko ulempe med tanke på vidare satsing.