– Eg går ein tur bort på gravstaden nesten kvar dag, men då eg kom bort denne gangen fekk eg nesten heilt sjokk.

Dette seier Karen Jarnes om då ho onsdag i førre veke oppdaga at blomar låg strødd utover på gravstaden i Tjørvåg, tilsynelatande nappa opp av noko eller nokon.

– Blomar var reve opp frå jorda. Dei var til og med plukka ut av krukker ved fleire gravstøtter. Dei låg strødd utover plassen og det var heilt forferdeleg å sjå, seier Jarnes.

Vondt

Ei anna som vitna det triste synet var Linda Thorseth som etter kvart også kom til gravstaden. Ho tok også bilete av det som hadde skjedd.

– Det er då vondt nok å kome inn på ein gravstad frå før. Det burde gå an utan at blomane skal vere nappa opp. Eg kan ikkje forstå korleis nokon kan ha så lite respekt frå ein gravstad. Til og med blomar frå gravstaden til eit barn var riven opp, seier ei opprørt Thorseth til Vestlandsnytt.

Ikkje fyrste gongen

Linda kan også fortelje at dette er noko som har skjedd fleire gongar på kort tid. Ho har fått opplyst at andre også har opplevd det same på gravstaden.

Frikjenner dyr

Viltnemnda i Herøy, Sigurd Nygård blei også tilkalla. Han var såleis på staden og gjorde ei synfaring rundt og på gravplassen. Det han fann ut er han ikkje begeistra over.

– Eg har kome til ein konklusjon om at det ikkje er dyr som har gjort dette. Blomane var riven opp med røtene. Om det hadde vore hjort ville truleg berre toppen av blomane vore av, fortel Nygård.

– Eg har også gått rundt på heile gravstaden og har ikkje funnet teikn til spor frå dyr, forklarar Sigurd.

Dette gjer diverre teorien om at folk har gjort hærverk sterkare, sjølv om det ikkje er bekrefta.

Herøy Kyrkje er kjend med saka og undersøker forholda, men vil ikkje kommentere saka ytterlegare.