I desse dagar har dei i alt fire tilbydarane som ynskjer å huse det nye lensmannskontoret i Herøy fått grunnlagsmateriale for dei nye lokala som politiet er på jakt etter. Krava som er stilt er at dei nye lokala skal plasserast i tilknyting til hovudfartsårer og tettstader i Herøy. Lensmannskontoret treng blant anna tilgang på et garasjeanlegg. I tillegg ønskjer politiet å leige kring 400 kvadratmeter til kontor og andre funksjonar.

Aukar kapasiteten

Grunnen for at lensmannskontoret no skal flyttast er fordi det rett og slett er for lite.

– Vi treng meir plass og moglegheita til å ha fleire på jobb samstundes. Vi skal ha kapasitet til å ha etterforskarar i arbeid med større saker. Samtidig skal vi kunne ta i mot patruljar frå andre kontor. Det blir rigga for ei framtidig bemanningsauke, fortel lensmannen i Herøy, Sande og Vanylven, Tor Sæther.

Kontora vil også få ei universell utforming, held lensmannen fram. Han fortel også at folk flest vil ikkje merke stor forskjell i tilbodet utover det som allereie eksisterer.

Vanskeleg å spå tidsperspektivet

Tidlegare har flytte-målet vore sagt å vere i løpet av 2019, og lensmann Tor Sæther vil ikkje kommentere ytterlegare om kva tidsramme som ligg rund flyttinga, då han meiner det avheng av fleire faktorar.

– Tida vil avhenge av tilboda vi får. Det kan vere eksisterande bygg som står tomt og kan byggjast om, eller eit nybygg. Dermed er den vanskeleg å sette eit tidspunkt. Slik det er no ventar vi på tilboda frå dei fire som har meldt si interesse. Fristen vi har sett for tilboda er 6 august, seier lensmannen i Herøy, Sande og Vanylven.

Alle tilbod frå ytre

Lensmann Tor Sæther fortel at det blant dei interesserte ikkje er nokon i indre Herøy.

– Alle dei tilboda vi får, er nordanfor Herøybrua, fortel lensmannen.

Han vil elles ikkje røpe meir detaljert om dei aktuelle lokasjonane det står mellom.