Den solfylte og tørre sommaren har skapt den største fôrkrisa i landbruket på mange tiår i Sør-Norge, for ikkje å nemne Europa. Fleire bønder ser no på slakting av dyr som einaste løysing. Her i fylket er blant anna Surnadal eit av områda som slit med å produsere nok fôr. Avlingane i Møre og Romsdal er rundt 70 prosent av normalen, anslår Bondelaget.

Ikkje kritisk i Herøy

Lokalleiarar i Bondelaget kan opplyse om at det ikkje er nokon kritisk formangel i Herøy og Sande slik dei kjenner situasjonen akkurat no.

– Med det eg veit er det ikkje noko utbriedd formangel i Herøy enno.

Det fortel lokalleiaren i Bondelaget i Herøy, Hareid og Ulstein, Svein Ulrik Brubakk, til Vestlandsnytt. Han fryktar heller ikkje at det blir for store vanskar her i området. Men …

– Det er veldig tørt her ute no. Eg kan ikkje hugse sist eg måtte gi dyra mine vatn. Det er eit faktum at vi har dårlegare avlingar i år. Held det tørre vêret fram er det fare for at det blir lite god gjenvekst til neste slått. Det gjer at vi må ta dyra inn tidlegare, forklarar Brubakk, som sjølv har ammekyr i Kvalsvika.

Alvorleg

Noko varsellampe blenkjer heller ikkje i Sande med det fyrste.

– Med det eg veit er det ikkje så gale i Sande. Men eg vil understreke at det er ei skikkeleg krise landbruket er inne i no. Eg trur faktisk ikkje folk veit kor alvorleg dette er. Sjølv om vi er litt heldige her ute vil det ikkje nødvendigvis seie at ein ikkje kjem til å merke det, fortel Britt Harøy, bondelagsleiaren i Sande.

Trass i at fôrmengdene har vore brukbare, påpeikar Harøy at kvaliteten på fôret ikkje er like godt.

– Vi har blitt nøydd til å supplere med meir kraftfôr, noko vi ikkje ynskjer. I slike tider må vi dessverre tenke volum over kvalitet, det viktigaste er å ha nok fôr fortel Harøy.

Ber folk hjelpe kvarandre

Sjølv om det ikkje ser ut til å bli den største krisa ute blant øyane, skal vi ikkje sete på sidelinja meiner landbrukskontoret i Herøy.

– I både Herøy, Ulstein og Hareid har vi areal som berre blir beitepussa. Dette er areal som bønder med fôrmangel kan ha stor nytte av enten som beitemarker eller om det er overskot av fôr der, forklarar Løberg.

Ho får støtte av både Harøy og Brubakk.

– Eg håpar alle som har mark i Herøy og Sande vil gjere eit tak. Sørg for å slå markane og få utnytta ressursane. Hjelp kollegaer, fortel Harøy engasjert.

Dei oppmodar derfor folk som har overskot av for eller tilgjengeleg beite om å registrere seg på www.forformidling.no. Dette er ein ny nettstad der dei med fôr-overskot kan finne bønder som har formangel. Ein kan også registrere ledige beiteområde der.

Til slutt kan dei som har moglegheit også vurdere å gjødsle ekstra på engene, eller ta ein ekstra slått til hausten.