Dette seier Victor Starheim, leiar i Møre og Romsdal SU til Vestlandsnytt. Saman med leiar i Ørsta/Volda SU Elise Stokken, og Marte Skrede Hide i Herøy SV var dei måndag på rundreise i kommunane på søre. Målet, å engasjere folk i desentraliseringspolitikk for dei regionale sjukehusa, deriblant Volda sjukehus.

Manglande akutt-tilbod

Det heile starta då SV sin stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson, besøkte Volda sjukehus. Der fekk han vite at dei ikkje utfører gastrokirurgiske inngrep, eller blautkirurgi av mage/tarm, i helgene. Dette medfører at pasientar må reise til Ålesund sjukehus for å få utført akutte gastrokirurgiske inngrep i helgane, sjølv om Volda sjukehus har nok ressursar for å utføre kirurgien, hevdar Starheim.

Wilkinson bringa saka vidare til helseminister Bent Høie som forklarte at dette er Helse Møre og Romsdal, og Helse Midt-Noreg sitt ansvar. Då bestemte Starheim og Stokken seg for å ta saka i eigne hender.

Vil engasjere

– Volda sjukehus får dei største pasientdraga frå Ørsta, Volda, Herøy og Ulstein. Det er såleis derfor vi er her. Vi vil engasjere folk som vert påverka, forklarer Elise Stokken.

– Ein skal ikkje måtte reise langt, eller flytte for å få nødvendig behandling. Folk som bur i distrikta og på bygda har same retten på velferdssystemet som i byane. Det eit viktig tema som er nøydd til å bli løfta fram, fortel Starheim.

Dei to ungdomspolitikarane får ståtte frå Herøy SV ved Marte Skrede Hide.

Demonstrerer i Volda

Som eit tiltak for å løfte fram debatten arrangerer SU demonstrasjon ved Volda sjukehus førstkomande laurdag.

– Her blir det appellar og plakatar. Alle er velkomne til å vere med, forklarar Stokken, som håpar å sjå både herøyværingar og sandssokningar i Volda til helga.

Starheim forklarar at dette er like mykje ei prinsippsak som det er ei enkeltsak.

– Vi demonstrerer fyrst og fremst mot sentralisering og for eit like bra tilbod i dei regionale sjukehusa som i dei større sjukehusa i byane.