– Mamma, mamma! Nokon har drukna, men det e’kje han William.

Marita Vattøy Gulbrandsen let orda til dottera, Linnea (6) søkke inn. Ho reiser seg frå stolen i kaféområdet på Sunnmørsbadet.

– Då må vi henta han, så vi får ete frå oss, seier ho.

Dottera spring av garde for å finne den snart fem år gamle broren. Marita ser han ikkje, trass i at han var der for berre ein augenblink sidan. Han kan no vere i sklia, tenkjer ho. Men eigentleg veit ho det allereie, heilt instinktivt – det var William som drukna.

Espen Gulbrandsen har akkurat stått opp til ein ny arbeidsdag om bord båten ved ein vindmøllepark aust for Skottland. Han gjer seg klar til vaktbytte med andremaskinisten, og skal til å gå ned, då meldinga kjem: «RING MEG NÅR DU KAN». Han gjer det med ein gong. Etterpå går ting ganske fort.

– Det første eg gjorde var å tilkalle kapteinen og chiefen og fortelje dei kva som var skjedd. Då visste eg at eg hadde folk rundt meg, og som prata til meg. Elles hadde det ikkje gått så bra, trur eg, seier Espen.

Heldigvis er kontoret til reiarlaget, Island Offshore, raske med å syte for hjelp.

– Eg heiv meg i ein katamaran som klientane hadde tilgjengeleg, og kom meg til land. Så var det å setje seg i ein taxi og fare til flyplassen i Aberdeen, seier han.

Bilturen tek sju timar.

Fire veker seinare

– Eg har veldig skuldkjensle. Eg føler at det var min feil. Eg veit at det kan skje kven som helst, alle har sagt det, men likevel… Du sit inne med tankar som «Hadde eg ikkje tatt av han armringane...», eller «Hadde eg vore i bassenget så…». Sånn vil ein kanskje tenkje uansett. Men eg har enno ikkje roa meg heilt ned, for eg kjem på det viss eg vaknar om natta, og så går eg inn og sjekkar at han pustar. Lenge hadde eg på to alarmar, fortel Marita.

Nesten fire veker har gått sidan William drukna på badeland. Detaljane frå den dramatiske laurdagen har brent seg fast på Marita si netthinne, som om ho ser dei på film, om og om igjen. Ho fortel om dei frå sofaen i familieheimen i Hallebygda, der ho sit med dottera på den eine sida og sonen på den andre. På golvet står Espen og lyttar oppmerksamt. Han kjenner sjølvsagt historia frå før.

Laurdag 15. juni

Stemninga er god på Sunnmørsbadet. Marita og dei to barna har selskap av ei venninne av Marita og hennar dotter. Dessutan har dei treft fleire kjende vaksne og barn. Dei kom då det opna. Var først av alle. Fleire gjestar sig på etter kvart, men der vert aldri så mykje folk at det vert vanskeleg å halde oversikt. Dei vaksne blir med barna i straumkanalen, i bølgjebassenget og i velværebassenget, og dei ser på dei medan smårollingane siler.

Det nærmar seg lunsjtid. Følgjet set seg i kafeen, eit par meter unna småbarnsbassenget. Minsteguten, som enno ikkje kan å symje, får av seg armringane medan dei et.

– Så spurde ungane om dei fekk lov til å gå litt til og frå småbarnsbassenget. Ja, sa eg, det er greitt, men de må vere raske. Vi følgde med på dei. Dei kom til oss, åt nokre chips, sprang tilbake. Så kom dei og åt litt igjen, og slik heldt dei på.

Linnea (6) bryt plutseleg inn i samtalen:

– Så gløymde William at han ikkje hadde på seg armringar.

Kafé- og badeverten kastar eit blikk mot varmtvassbassenget. Ein liten gut slengjer seg uti. Noko verkar unaturleg med måten han gjer det på. Ho går bort og ser guten «flyte» under vatn. Det kan no hende han berre leiker seg, men ho ber ei dame som står rett ved sida av han i vatnet om å pirke litt borti han for sikkerheits skuld. Guten rører seg ikkje. Badevaktene stormar til.

– Eg trur ikkje det gjekk eitt minutt ein gong, frå William hoppa ut til dei fekk han opp igjen og starta munn til munn-redning med fem innblåsingar, fortel Marita.

Ho ser han ligge der ved bassengkanten. Badevaktene gjer alt i si makt for å redde han. Ein liten augeblink kjenner ho ikkje igjen sonen sin. Ansiktet på den livlause, blåbleike kroppen er hove og fullt av petekkiar – mørkeraude blødingar i huda. Då det går opp for henne, kjem panikken. «Herregud, de må gjere noko!». Men ho veit at ho ikkje er til hjelp, og anstrenger seg for å halde seg unna, så livreddarane får gjere jobben sin. Seksåringen kjem bort. «Er det William?», spør ho.

Mora svarer ikkje, men sender henne bort til venninna dei har kome saman med.

Så vaknar sonen. Like etterpå kjem ein mann bort. Han er badegjest saman med familien sin. Marita dreg kjensel på han.

– Eg er lege, seier mannen.

Marita kjenner seg meir roa.

Ambulansen kjem i løpet av få minutt.

William kastar opp.

300 ml med klorvatn forsvinn ut i ambulansebilen på veg til Ålesund. Pulsen stig til 200. Så søkk han igjen. Marita finn fram telefonen og tekstar Espen.

På Ålesund sjukehus lyttar legevaktlegen til William sine lunger, og konstaterer at der er vatn i dei.

– Han forklarte at når der er vatn på lungene, er det per definisjon drukning. Då skal ein på sjukehus uansett, seier Marita.

– Medan vi var på sjukehuset, valde eg å ikkje google noko, for eg var så redd frå før. Eg tenkte at helsepersonellet ville gi meg den informasjonen eg trengde. Men eg visste frå før kva sekundær drukning er. Den største faren gir seg etter 24 timar, og etter 48 timar er han nesten vekke.

William vert liggande på sjukehuset for overvaking over natta. Heile tida ligg han med elektrodar kopla til kroppen, og målingar vert gjort kontinuerleg. Marita veit at sonen er i trygge hender, men ho greier likevel ikkje å stole fullt og heilt på utstyret.

– Eg hadde på alarm fleire gongar om natta, og måtte stå opp for å sjekke at han pusta, seier ho.

Det vert teke blodprøver med tanke på infeksjon.

– For når der er vatn på lungene, er det ganske stor fare for å få lungebetennelse. Men for ein elles frisk unge, treng det ikkje vere farleg, seier Marita.

William er ein frisk unge. Allereie nokre timar etter at han vart innskriven på barneavdelinga i Ålesund, er han ute og syklar i gangane, forsyner seg med isbitar frå isbitmaskina, og finn seg til rette med leikene på avdelinga. Dagen etter får han reise heim.

Takknemlege

Marita og Espen opplevde ein kvar forelder si største frykt. Men dei slapp med sjokket. No sit dei igjen med ei overveldande kjensle av takknemlegheit.

– Badevaktene var der på flekken, og dei gjorde alt rett. Og ambulansen kom i løpet av nokre få minutt. Alle har vore kjempeflinke, og vi har vore veldig, veldig heldige, seier Marita.

– Dei som druk­nar ro­per ik­kje på hjelp

Druk­ning skjer som re­gel i det stil­le. El­ler mange ti­mar et­ter at ein har kome opp av vat­net.

– Dei som druk­nar ro­per ik­kje på hjelp. Dei prø­ver å få i seg luft, og det går ik­kje an å snak­ke og pus­te på ein gong.

Det sei­er ope­ra­tiv leiar Da­mi­an Pora i Norges Liv­red­nings­sel­skap.

– Dei som druk­nar bru­ker all ener­g­ien dei har på å prø­ve å hal­de seg på over­fla­ta. Det kan sjå ut som dei prø­ver å klat­re opp ein sti­ge, men dei får ik­kje grep. Og dei plas­kar ik­kje. Druk­ning skjer vel­dig stil­le, sei­er han.

Se­kun­dær druk­ning

Der­som ein får vatn i lun­ge­ne, har ein per de­fi­ni­sjon druk­na. Ein treng ik­kje ein­gong å mer­ke at si­tua­sjo­nen er sær­skilt al­vor­leg, før det kan vere for seint.

– Viss ein får luft­ve­ga­ne un­der vatn, og in­ha­le­rer, kan ein få vatn inn i lun­ge­ne. Det kan til dø­mes skje viss ein prø­ver å hoste. Nokre se­kund un­der vatn er nok, sei­er Pora.

Like et­ter­på kan alt ver­ke fint, men et­ter ei stund, vil krop­pen re­a­ge­re som om han  har fått ein in­fek­sjon.

– Det kan opp­stå symp­tom som fe­ber, kval­me, slapp­heit og ho­vud­pi­ne, sei­er Pora.

Der­som barnet ditt får slike symp­tom et­ter å ha vore i vatn, må du opp­søkje lege raskt. Gjer du ik­kje det, kan du ri­si­ke­re å fin­ne barnet ditt liv­laust i sen­ga om mor­go­nen.

– Se­kun­dær druk­ning skjer ofte på natta, når ein er slapp og søv, sei­er liv­red­da­ren.

Salt- og klor­vatn er ver­st

– Der­som ein får salt­vatn i lun­ge­ne, vil krop­pen sjølv pro­du­se­re meir vatn for å kvit­te seg med sal­tet. Di­for er det ik­kje sik­kert at symp­to­ma kjem med ein gong. Det kan kan­skje skje et­ter 12 ti­mar, sei­er Pora.

Det same gjeld klor­vatn.

– Krop­pen vil kvit­te seg med alt som er una­tur­leg.

Det vil ik­kje seie at fersk­vatn ik­kje kan føre til se­kun­dær druk­ning.

– Men då er ofte ik­kje symp­to­ma like ster­ke. Det av­henger av kor mykje vatn ein har in­ha­lert, kor len­ge ein har vore un­der vatn, og kor mykje ein sjølv to­ler. Alle som held på å druk­ne skal uansett kon­tak­te lege, og dei som har vore ut­sett for druk­ning skal bli over­va­ka i to-tre da­gar, av­slut­tar Pora.