Bygde- og næringslaget på Kvamsøya vender seg til Statens Vegvesen etter at det igjen er utfordringar med venteromet ved Larsnes ferjekai. Det syner seg at romet først vert opna i 11-tida og stengt så tidleg som klokka 21. Ventande på ferje og buss må difor stå under open himmel i all slags vêr. Venteromet er ein del av lokala til kafèen ved ferjekaia.