Helse- og omsorgsadministrasjonen skulle ha søkt om godkjenning frå høgare hald før dei gjekk til innkjøp av ny pasientbuss til Herøy helse- og omsorgssenter. At det ikkje vart gjort har fått kommunalsjef Renathe Rossi Kaldhol til å måtte beklage bruken av vel 600.000 kroner til det gode føremålet.

- Det viser seg at vi administrativt har teke oss til rette når vi valde å bruke gåvepengar utan å konferere med kommunestyret. Det vil Helse og omsorg beklage. I alle høve er bussen kjøpt og betalt, og teken i bruk. Vi håper på tilgiving i denne saka, og at bussen blir brukt aktivt som tenkt, heiter det i kommunalsjefen si skriftlege beklaging til kommunestyret.

Før kjøpet av bussen hadde avdelinga ståande ein og ein halv million gåvekroner ståande på bok, og Kaldhol viser til at dei har hatt ein lengre prosess på korleis ein del av desse pengane kunne brukast til det beste for pasientane. Konklusjonen var at det å erstatte den gamle og medtekne bussen med ein ny ville vere ei god sak.

Det var ynskje om å få ein ny buss klar til sommarsesongen som gjorde at administrasjonen tok saka på strak arm, og kjøpte den nye bussen etter å ha henta tilbod frå tre ulike leverandørar.

Alt var berre fryd og gaman heilt til fakturaen på busskjøpet landa på revisor sitt bord. Då vart det klart at sjølv med bruk av avdelinga sine eigne gåvepengar, måtte busskjøpet sjåast på som ei kommunal investering der ingen andre enn kommunestyret kan godkjenne pengebruken.