Til no har sommarpatruljen i fylket hatt til gode å finne mange kritikkverdige brot som dei no har gjort på Søre Sunnmøre. Det skriv LO i ei pressemelding etter at sommarpatruljen avslutta årets turne her i fylket med å besøke bedrifter i Herøy, Ulstein og Hareid.

Funna som vart gjort er til dels urovekkande: Mykje overtid, dårleg arbeidsmiljø og manglande verneombod.

Varslar Arbeidstilsynet

I enkelte bedrifter blir det jobba mykje overtid. Samtidig er det lite eller ingen pausar, og arbeidsmiljøet er dårleg. Dette er ifylgje LO så kritikkverdig at Arbeidstilsynet vil få melding om funna som sommarpatruljen har gjort på Ytre Søre Sunnmøre. Også fagforeiningane som har medlemar på desse arbeidsplassane vil bli varsla.

Overvaking

Sommarpatruljen slår fast at det framleis er ein del arbeidsgjevarar som ikkje informerer om bruk av overvakingskamera der tilsette ferdast. Informasjon og merking av kameraovervaking er tilsette sin rett med tanke på personvern.

- Vi har opplevd at kamera vert nytta til andre føremål enn det dei er oppsette for, og dette er i strid med reglane, seier Kent Logan Jelle som er LO sin faglege ungdomssekretær i Møre og Romsdal.

Dårlegaste til no

Sommarpatruljen sin konklusjon er klar etter bedriftsbesøka på Ytre Søre sist fredag: Dette er det dårlegaste dei har møtt til no. Sjølv om nokre bedrifter lyser opp med fantastiske arbeidsforhold for unge arbeidarar og lærlingar, vert denne positive sida overskugga av andre useriøse arbeidsgjevarar, heiter det i pressemeldinga.

62 prosent av bedriftene som fekk besøk sist fredag hadde ikkje informert om kven som er verneombod, eller har oppslag på arbeidsplassen om dette. LO-utsendingane møtte også bedrifter med over ti tilsette der sjefen var sjølvutnemnd verneombod.

Over 6000 unge

LO sin sommarpatrulje reiser rundt i heile landet kvar sommar for å passe på unge sine rettar i arbeidslivet. Over 6000 LO-ungdomar er på denne tida på vegen og besøker om lag 6000 verksemder. Dette har vore ein LO-tradisjon i meir enn 30 år.

(Bilete som er brukt i saka er for illustrative formål. Dette gjeld også det førre bilete som stod til denne saka)