– Samarbeidet med Royal Actic Line A/S har vore svært fruktbart og eg ser ikkje vekk frå at det vil kome fleire moglegheiter for Havyard innanfor dette segmentet, sier salsdirektør i Havyard, Gisle Vinjevoll Thrane, i ei pressemelding.

Skipa skal frakte temperatur-regulerte kontainarar samt stykkgods. Dei skal operere på Nordvest Grønland og gå i eit tøft klima. Skipa blir ein viktig del av infrastrukturen på Grønland. Denne kontrakta er starten for eit nytt og spennande segment for Havyard Design & Solutions, heiter det vidare i pressemeldinga.

Byggjast i Spania

Det er Zamakona Yards i Spania som har fått i oppgåve å bygge skipa, med levering i 2020.

Skipa skal avløyse «Pajuttaat» og «Vestlandia», som ble bygxt i 1979 og 1983.

- Dei nye skipa får også mykje større kapasitet enn dei gamle, sier avdelingsleiar, Fleet Management, Anders Bay Larsen.