Slik forklarar Tore Arntsen i Handelsbygg As føremålet med Europris si nært føreståande nysatsing i butikkområdet på Myklebust i Fosnavåg.

Arntsen fortel at dei har jobba med Herøy-etableringa i mange år, og seier seg glad for at dei no har funne ein høveleg plass til den nye butikken på nabotomta til Rema 1000. Har skal Europris opne ein fullsortiment-butikk på vel 1300 kvadratmeter. Heile arealet skal nyttast av Europris.

– Eg tippar vi er i gang i august/september, og at vi vil vere opningsklare til påske neste år, seier han.

– Med denne etableringa håper vi at folk skal sleppe å reise til Ulsteinvik eller Ørsta/Volda for å handle hos Europris, legg Arntsen til.

Europris har i dag 256 butikkar rundt om i landet, og butikken i Herøy blir ein av 50-60 nyetableringar som er planlagt skal kome i tur og orden framover.

Har god tru

Europris nyttar tommelfinerregelen som seier at er det minst 3000 innbyggarar innafor ein avstand på 10-15 minutt så vil etableringa gå bra.