Turneringa sitt opningsshow er laurdag 28. juli. Undervegs i NC-veka er det ei rekkje arrangement og tilbod utanom sjølve kampane. Finalane går av stabelen fredag 3. og laurdag 4. august.

Vi har sett litt nærare på kven dei påmelde laga frå våre to kommunar er, og kva puljar dei er plasserte i.

Seks Bergsøy-lag

Klubben med flest påmelde lag, er kanskje ikkje overraskande Bergsøy. Dei sender seks lag til Ekebergsletta seinare i juli.

Sveinar Frøysa er leiar for eit gutar 13-lag (niar). Dei skal møte Høybråten og Stovner IL, Klemetsrud IL og palestinske Gaza Kids.

Vidare har Bergsøy eit gutar 14-lag med Toni Sandanger som leiar. Sjuarlaget spelar i gruppe 11 saman med Høyang, Dahle/Nordvestlandet 2 og Sokndal.

Bergsøy har dessutan eit lag for gutar, 15 år. Her leiar Anders Helsem Hoff ein tropp der gutane skal møte KF Ereniku (Kosovo), Fløy-Fotball og Loddefjord.

Klubben har også eit lag i klassen for gutar 15–16 år (sjuar). Også her med Anders Helsem Hoff som leiar. Dei møter Tornado Måløy, Abilsø og libanesiske Wissam Academy.

Også i år sender Bergsøy juniorlag (menn) til turneringa. Børge Gjelseth er kontaktperson for gjengen som skal møte Kongsberg, tyske Egernförde og Klebe SK.

Bergsøy Fotball sender av garde berre eitt jentelag i år. Det er sjuarlaget for 14-åringar. Ingolf Leikanger er kontaktperson for jentene som har hamna i gruppe med Åmdal-Tokke, Syril og Spind IF.

Tjørvåg/Moltu/Gurskøy

Tjørvåg samarbeider med naboane Moltu og Gurskøy om gutar 14-laget (sjuar) som er påmeldt. Elena Wisth og Stian Skogen sitt lag skal møte Nanset, Uskedal og Bokn.

Tjørvåg/Moltu har eit sjuarlag for gutar 15–16 år, som også gler seg til å delta. Leiarane Erling Moltunbakk og Stian Tarberg sitt lag skal bryne seg på Hamarøy, Tana og Hafslo i innleiande gruppespel.

Og så har Tjørvåg/Moltu/Gurskøy eit sjuarlag i klassen for jenter, 14 år. Irene Sporstøl er sett opp som førsteleiar for jentene som skal møte Hemsedal, Korsgård og Sandviken.

Fire lag frå Sande

Kjekt å registrere er det også at Kvamsøy/Sandsøy vert representert i årets turnering. Gunnar Ristesund sitt jentelag i 14-årsklassen møter Fyresdal, Lyn Fotball 2 og Førde.

Larsnes vert, delvis i samarbeid med andre, til stades med tre lag. Aadne Sandanger sitt G14-lag er i pulje med Åmdal-Tokke, Kjelsås og Hamarøy.

Frå Larsnes kjem også eit jente 15/16-lag (sjuar) til Oslo. Laget med Emilie Kvalen som leiar skal innleiingsvis møte Fyresdal, Lyn og Hamarøy.

Dessutan er det meldt på eit sjuarlag for gutar 15–16 år. Det er meldt på som Larsnes/Gursken/Gjerdsvika, og med Wenche Gjerde Sætre som lagleiar. Dei møter Tertnes, Lyn og Kragerø.

Vi ynskjer våre lokale utsendingar lukke til!