Den tidlegare tilsette har dermed fått gjennomslag for påstanden om at han urettmessig fekk avskjed (sparken). 179.886 kr gjeld erstatning for tapt løn, medan 20.000 kr er oppreisning.

– Retten har kome til at avskjeden ikkje var rettmessig, og at (nn) har krav på erstatning, heiter det i domen.

Tingretten slår fast at oppseiing berre kan skje om den tilsette har gjort seg skuldig i «grovt pliktbrot eller anna vesentleg misleghald av arbeidsavtalen».

Sandanger AS synte i avskjedsbrevet til fleire åtvaringar og det som vert framstilt som «manglande innretting og etterleving av bedrifta sitt reglement og det leiinga bestemmer».

Den tidlegare tilsette kom dessutan med alvorlege skuldingar mot leiinga, mellom anna om forskjellsbehandling av norske og utanlandske tilsette. Her slår retten fast at det ikkje er ført noko prov som støttar den påstanden.

Mannen som har fått erstatning har undervegs i konfliktsituasjonen også kome med ein del andre påstandar som retten meiner ikkje har vore korrekte.

Krav om at alle må snakke norsk

Men: Eit krav om at alle må snakke norsk i arbeidstida er også teke med i domsslutninga. Retten meiner det kan vere ein samanheng mellom språkkravet og konflikten mellom den oppsagde og bedrifta.

Retten har konkludert med at den oppsagde synte dårleg oppførsel og manglande vilje til å innrette seg etter reglane. Men samstundes vert noko av ansvaret for vanskane også tilskrive leiinga ved bedrifta.

– Retten finn etter ei brei heilskapsvurdering at avskjed var ein uforholdsmessig reaksjon. Slik situasjonen utarta seg har retten forståing for at Sandanger følte eit behov for å avslutte (nn) sitt arbeidsforhold. Basert på dei prov som er førte, finn likevel retten at Sandanger sine interesser ville bli tilstrekkeleg ivaretekne ved ei ordinær oppseiing (...), og at det difor ikkje var nødvendig å gå til det steg å gje avskjed, heiter det i kommentarane frå Søre Sunnmøre tingrett.

Retten strekar også under at fire av mannen sine kollegaer i retten forklarte seg positivt om han som kollega.

Domen var samrøystes. Partane må bere sine eigne sakskostnader.