Tidlegare sokneprest i Sande, Helge Nesse, likte å kalle Sande kyrkje «Maria-kyrkja». Det namnet skriv seg naturleg nok frå det sterke katolske preget kyrkja har, symbolisert ikkje minst gjennom det Maria-dominerte alterskåpet.

Onsdag fekk «Maria-kyrkja» ei ny tyding, då Maria Steinsvik bergtok publikum med si vakre og sterke songstemme. Vi skal ikkje ta noko frå den utmerka Terje Tjervåg, for saman utfylte dei to kvarandre på ein svært god måte. Men det er klart at Maria har ein x-faktor som er umogleg å ikkje leggje merke til.

– No skal vi litt ned på jorda igjen, smilte Tjervåg etter at Maria akkurat hadde fullført «Sempre libera» frå Verdis La Traviata.

Perler på rekkje og rad

På dette tidspunktet hadde Maria, akkompagnert av Tjervåg på flygel, fullført ei rekkje operasongar av beste merke. Denne delen starta med den kjende voggesongen «Summertime» frå Porgy and Bess (Gershwin), og «Habanera» frå Carmen (Bizet).

Innleiingsvis var det musikk frå oven, nærare bestemt galleriet. Tjervåg på orgel innleia med «Trumpet tune» av David N. Johnson, litt til ære for USA sin nasjonaldag 4. juli, same dag som konserten i sandskyrkja.

Maria steig deretter fram og song saman med Tjervåg på orgel, i «Erbarme dich, mein Gott» (Bach).

Vi fekk også ei var og fin, og avsluttingsvis sterk og mektig firenummeravdeling slik Tjervåg tolka desse stykka: «Hos Gud er evig glede», «Stå fast, min sjel, stå fast», «O hellig Ånd, du skatt så skjønn» og «Påskemorgen». Seinare hadde Tjervåg også ein imponerande serie med variasjonar over «Heil dir im Siegerkranz», der også orgelet kom til sin rett.

Tjervåg og Steinsvik tok turen ned og fram i kyrkja, der det opna med to kjærleikssongar med Grieg som opphavsmann. Den første var «Blåbærli» (Haugtussa) og ei beint fram nydeleg tolking av «Solveigs sang» frå Peer Gynt.

Det var i siste del at temperamentet tok seg opp iii, i den nemnde operaavdelinga. Etter denne oppvisinga svara publikum både med langvarig applaus og jubelrop.

Avrundingsvis serverte Tjervåg nokre utdrag frå den kjende «Final» av Lemmens, før Maria igjen vart «spansk» og framførte «Granada» (Lara) med fynd og klem. Tøff avslutting.

Dette er noko for alle

Det er gjerne ein publikumsmessig litt høg snittalder på konsertane i Sande kyrkje. Det treng ikkje nødvendigvis vere slik, for her får vi oppleve musikk av høg klasse, og det må vel passe for folk i alle aldrar. Ta til dømes alle kulturskuleelevane vi har rundt oss. Å vere tilhøyrar på slike konsertar må vel vere ein ypperleg arena for inspirasjon for alle unge musikarar.

Vi snakka litt med sidemann Bjarne Hide etter konserten. Han har vore på dei aller fleste konsertane.

– Dette er førsteklasses underhaldning. I kveld var det heilt framifrå, både av Tjervåg og Steinsvik, lydde attesten frå ein strålande nøgd stamgjest.