Men den upopulære fuglen er faktisk blant dei smartaste skapningane på jorda.

Smart og langsint

Det har i lange tider vore kjent at kråka er ein usedvanleg smart skapning. I dei siste åra har fleire testar blitt gjort for å teste intelligensen deira. Ein av desse testane gjekk ut på å servere ei kråke vatten i ein behaldar der vassnivået var for lågt til at ho kom til. Kråka fann sjølv ut at ved å putte stein i behaldaren ville vassnivået stige slik at ho til slutt kunne drikke.

I tillegg til å vise evner til å lage og bruke verktøy er kråkene notorisk kjent for å ha god hukommelse og for å vere hemnlystne. Forskarar har gjort forsøk ved å bruke masker når dei fangar og ringmerker kråker. Sjølv fleire år seinare ville kråkene reagere aggressivt når dei såg menneske med same type maske. I tillegg ville eit individ i ein flokk som var redd maska lære resten av flokken å frykte den.

Fuglens høge intelligens burde gjere oss ekstra varsame på korleis vi behandlar den. Han viser klare teikn på kompliserte kjensler som sorg og sinne. Dersom ein har sett ei kråke misse livet kan ein legge merke til at det som oftast vil samle seg eit større tal kråker kring den døde fuglen. Slik vil dei sitte stille ganske lenge, og vakte kroppen for åtseletarar.

Det at fuglen er så smart gjer det også vanskeleg å bli kvitt dei stadar der dei er uønskte. Typiske fuglefeller er eit stort bur med innovervendt skråtak. Her kan fuglar lett smette inn, men dei kan ikkje flyge ut då opninga er for smal til at dei kan falde ut vingane når dei skal gjennom. Nokre kråker har derimot lært seg å ta sats frå bakken og falde inn vingane akkurat i det dei passerer opninga.

Blanda meiningar kring bestanden

Det er ikkje berre rotet fuglen skapar rundt bossdunkar som gir menneske argument for å tynne ned på bestanden. Kråka er ein notorisk eggtjuv og mange meiner at ein stor kråkebestand går hardt ut over småfugl. Omfattande forsking tyder derimot på at dette kanskje ikkje er tilfelle. Kråka varslar høgt når det er andre predatorar i eit område og mobbar vekk farlege dyr. På denne måten beskyttar dei faktisk småfugl mot andre rovdyr. Uansett er kråka ein vakker og undervurdert fugl i norsk natur.