– Eg trur pappa står og ser på det som no skjer. Og han har eit stort smil kring munnen.

Det seier Elisabeth Langlo Haugen, dotter til Einar Haugen. Det var han som drog i gang innsamlinga som på kort tid fekk inn masse pengar til etableringa av sandstrand i Larsnesvika.

«Sjølv då han var veldig sjuk ...»

Før prosjektet vart fullført, døydde den kreftsjuke Einar Haugen.

– Han fekk dessverre ikkje oppleve dette, men det var pappa sin store draum å få realisert strandprosjektet. Sjølv medan han var veldig sjuk, heilt på slutten, snakka han mykje om sandstranda, fortel ei openhjarta Elisabeth til Vestlandsnytt.

Sjølv førte ho arven vidare gjennom å bli med i prosjektgruppa på Larsnes som drog prosjektet vidare, i retning mot realisering.

«Vi som har lyst å få verdens finaste sandstrand på Larsnes» er namnet på Facebook-gruppa Einar Haugen starta opp i fjor sommar. Til dette prosjektet kom det etter kvart inn heile 260.000 kroner. Mange av pengane kom frå bedrifter i nærområdet, medan fleire titals privatpersonar skaut inn pengar.

– Dette viser at det nyttar å drage i flokk. Pappa var svært glad for gjevargleda, seier dotter Elisabeth.

Kjemperesponsen

I fjor sommar vart Einar Haugen invtervjua av Vestlandsnytt om om det unike prosjektet i Landsbyen Larsnes.

– Eg vart så lei av å sjå at Larsnesvika framleis ligg der, halvvegs på veg mot å bli ei perle av ei sandstrand. Så fann eg at det vil koste rundt 200.000 kroner å få fylle opp med sand rundt heile vika. Det har vore ein fantastisk oppslutnad, sa Einar Haugen i eit intervju med Vestlandsnytt i fjor sommar.

Han var også sitert slik:

«– Det er ikkje så farleg om summen kjem til å overstige 200.000 kroner til slutt. Då kan vi til dømes kjøpe inn benkar og bord for å gjere vika endå meir triveleg. Litt dugnad vil det også bli med rydding av stein og anna før båten kjem med sanden. Eg trur folk vil stille opp på det også. Først og fremst er dette eit trivselstiltak for born og småbarnsfamiliar, noko som gjer området endå kjekkare, akkurat som den nye sjøfronten som no er realisert

I intervjuet sa han seg imponert over oppslutnaden:

«Ei ung jente som slett ikkje har inntekt, donerte sporenstreks hundre kroner. Det finst familiar som har gitt opp i 1.500 kroner, og det er ei svært stor gjevarglede også frå utflytta larsnesingar. Jamvel folk i Gursken og andre nabobygder har stilt opp med pengar til sandstranda», var han sitert på.

Stor innsats

Seinare kom det endå meir pengar inn, men prosjektet vart noko forseinka, mellom anna på grunn av at ein måtte ha alle formalitetar på plass frå kommunen.

Elisabeth Langlo Haugen opplyser at entreprenør Olav A. Våge har gjort eit godt grunnarbeid på staden, i forkant av sandpåfyllinga.

– Det er brukt recon-blokker frå Breivik Kalkverk som er plasserte i sjøen, slike som skal hindre at sanden renn ut att. Og så var det mellom anna ein stor dugnad her sist måndag, med steinplukking og rydding. Rett og slett kjempeoppslutnad, seier Elisabeth i typisk, entusiastisk «Haugen-stil».

No skal ein rekne over kor mykje pengar som blir til overs når rekningane er betalte, og så vert det truleg også plass og økonomi både til sitjegrupper, grill og anna tilbehøyr som vil gje Larsnes det reinaste «copacabana».

– Seinare i sommar vert det opning av den nye stranda, opplyser ei rørt, stolt og glad Elisabeth Haugen.