Sandes Reodor Felgen

Ein av dei som stilte ut kunst i Trondheim var sandssokningen Hallvar Hauge (16). Han deltok med ein heimesnikra gokart.

Då han skulle mekke saman et bidrag brukte han si interesse for det praktiske og motor-styrte.

– Eg tenkte at eg ville ha noko på hjul og noko som går. Då var det berre å byrje ein plass. Med besteforeldra mine fann eg gjenbrukbare material i garasjen, som gamle markiser. Deretter kjøpte eg meg ein billig motor og kløtsj – så berre lagde eg den, seier han.

Hauge fortel at han likar å drive på med slike praktiske prosjekt i ny og ne. Om inspirasjon seier han at det ikkje handlar om særleg mykje anna enn at han har lyst, og synest det er gøy.

Hauge fortel elles at festivalen leverte over all forventning.

– Dette var ei oppleving av dei sjeldne. Eg har opplevt mykje kjekt, sett mykje fin kunst, både på og av scena, og ikkje minst blitt kjent med mange flotte folk, seier han.

Hallvar hinta også om at det kan bli fleire liknande prosjekt i tida framover, og at dette truleg ikkje er siste gongen vi har han på trykk i lokalbladet.

Dette er Hauge sitt andre UKM-år. I fjor deltok med ein modellbåt.

Konferansieren

Med frå Herøy var lokal-skøyaren Filip Frøystad, som deltok som konferansier under festivalen. Han omtalar det heile som ei flott oppleving

– Eg har knapt landa frå det som har vore ei heilt rå oppleving. Det var fantastisk kjekt å delta med so mykje hyggelege folk, fortel 20-åringen.

For han var det beste med opplevinga dei lange UKM-kveldane der han fekk stifte kjennskap med eit mangfald av likesinna deltakarar. Samstundes var det også mykje å lære.

–Eg trur eg kjem attende som ein betre konferansier. Spesielt har eg forstått viktigheita av å halde eit jamt energinivå på scena, fortel Frøystad.

– Det var også kjekt å få prøve seg på ei litt større scene enn den vi har på kulturhuset her ute.

Filmduoen frå Herøy

To herøyværingar bidrog også på kinolerretet, med ein heller humoristisk vri av «fem på gata». Filmen handla om eit fiktivt scenario, der Ulsteinvik skal arrangere OL. Bak kamera har Lisa Bendal stått og framom, Adrian Helde Remøy, med sine mange karakterar. Filmen deira blei vist på Cinemateket i Trondheim.

– Det var allsong 24/7 og nauta kjekt. Vi fekk også laga litt film under festivalen der eg intervjua turistar i Trondheim på tysk og fransk. Det morosame er at eg ikkje kan verken tysk eller fransk, seier Helde Remøy og flirer.

Vaksenrepresentantar

Elles var det ikkje berre på deltakarsida ein fann sandssokningar. Oskar Fjørtoft Sandanger og Herman Brune Leikanger var også med på arrangørfronten. Oskar har tredd inn i UKM Norge og er ein av festivalutviklarane. Saman med Herman sørga han også for å arrangere mange konkurransar for deltakarane.

UKM-festivalen

Heilt sidan 1987 har ungdom over heile landet treft kvarandre for å dele kulturopplevingar. Mellom 500 og 600 ungdomar deltek kvart år med alt frå sceneinnslag og arrangørverksemd til media, tekst og kunst.