E-sportslaget til kvalsvikaren Ole Andreas Skår, nDurance, har kvalifisert seg til den største E-sporturneringa i Norden, Nordic Championship. Dei debuterte i turneringa med 2–1 siger mot Ninjas in Pyjamas som er førehandsfavorittar og ein av verdas største organisasjonar i sporten.

– Det er utruleg gøy. Eg vil faktisk kalle det den største sigeren internasjonalt av ein norsk e-sportsorganisasjon. Veldig kjekt å sjå at mykje hardt arbeid betalar seg, seier Skår til Vestlandsnytt.