Marta Negasi og dei fire barna hennar hadde så vidt starta livet i sin nye heimkommune, då den første store overraskinga dukka opp – i form av ein kyrkjetenar i Herøy kyrkje.

Møttest under ei omvising

– Eg fekk gåsehud.

Det seier miljøterapeut Kristoffer Nærø Ytterland i flyktningtenesta i Herøy, etter at han var vitne til gjenforeininga av dei to førre veke. Det skjedde under ei omvising i nærmiljøet.

– Vi har sett Runde, Nerlandsøy, helsestasjonen, skulane, og kyrkja, fortel Marta.

Vi treff henne i ein nytilflytta leilegheit på Frøystad. Den har ho og dei fire barna hennar, i alderen 11 til 17 år, fått tildelt av Herøy kommune.

Yacob Teklemariam har teke plass i sofaen ved sida av Marta.

– Då eg kom hit for 14 år sidan, vart eg også plassert i akkurat denne leilegheita, seier han.

Det var heilt tilfeldig, akkurat som at det var ei tilfeldigheit at nettopp desse to eritreiske flyktningane fekk opphald i Noreg og vart sendt til same kommune i Noreg – på heilt ulike tidspunkt. Det i seg sjølv er kanskje ikkje så overraskande. Men det er unekteleg litt spesielt at dei to kjende kvarandre frå før.

– Eg kjenner deg

Yocob er kyrkjetenar i Herøy kyrkje, og var på jobb då Kristoffer tok med Marta på omvising. Dei to eritreiske kjende kvarandre ikkje igjen umiddelbart, men kom likevel i prat. Så stilte Kristofer spørsmålet:

– Kvar kjem du frå, Yacob?

– Eg er frå hovudstaden, Asmara.

– Eg òg. Eg er frå bydelen Embagaliano, seier Marta.

Yacob responderer forbløffa:

– Eg òg!

Framleis drog ikkje dei to kjensel på kvarandre. Ikkje før Marta presenterte seg med namn.

– Då såg eg det. Eg sa: «Eg kjenner deg», smiler Yacob.

– Kven er du?

– Det vil eg ikkje seie deg.

Marta byrja å tippe – slang ut namn på personar, og spurde om nokon av dei var Yacob sin far.

– Ho vart litt stressa, ler Yacob. – Til slutt sa ho: «Ver så snill, sei det til meg. Kven er du?». Etter at ho hadde tenkt ei stund, skjønte ho det, ler Yacob.

Dei to vaks opp i same nabolag.

– Mi eldste syster og Yacob si eldste syster var gode venninner. Dessutan er det slektsband mellom oss, seier Marta.

Yacob er fire år yngre enn henne, men han minnest godt jenta som brukte å vere i lag med systera hans.

– Marta var veldig vakker. Elegant, pent kledd og smart, seier han.

Har ikkje sett kvarandre på 26 år

Sist dei to såg kvarandre var i 1992. Då flytta Yacob utanbys for å jobbe som site-ingeniør. I 1999 flytta han til Sudan, før han kom til Noreg i 2002.

Marta og barna budde på si side ein periode i Dubai, før dei kom til Noreg for snart to år sidan.

Spente på Herøy

No ser familien fram til å starte eit «permanent» liv i Herøy. Dei er også i ein prosess med å få Marta sin ektemann, som dei ikkje har sett på to år, heim til Noreg.

– Eg veit ingenting om Herøy, og er veldig spent. Trass i at vi har ein annan hudfarge og kjem frå ein annan kultur, opplever vi at folk ønskjer oss velkomne og er varme mot oss. Det betyr mykje for meg. Eg ønskjer verkeleg å bidra i dette lokalsamfunnet, seier Marta, som skal starte på introduksjonskurs i august.

Då byrjar også barna hennar på skule i Herøy.

– Dei snakkar allereie flytande norsk, skryter Kristoffer.

Barna skal byrje i høvesvis sjette, åttande, tiande og første (på vgs.) klasse.