Det seier adm.dir. Jarle Gunnarstein ved Larsnes Mek. Verksted etter at verftet på Larsnes har levert den femte brønnbåten til Rostein-reiarlaget på kort tid.

Fortune i Nord-Norge

Ro Fortune er det nyaste skipet i serien på fem bygg. Overleveringa skjedde til avtalt tid, noko som kjem godt med i ein travel sommarsesong. Sist laurdag vart båten døypt i Tromsø. Gudmor var Camilla Sandøy.

Brønnbåten skal vere stasjonert i Nord-Norge med Troms og Finnmark som dei viktigaste aktivitetsområda.

Rofisk AS, som eig Rostein-reiarlaget, eig 68,75 av aksjane i Larsnes Mek. Verksted.

Ro Fortune og dei andre i serien er utrusta med trinnvis energiproduksjon med dieselelektriske generatorar samt moglegheit for å kombinere utsleppsfri parasittbehandling og transport av laks.

– Dei fire siste brønnbåtane er tilnærma like, i den såkalla 2020-serien, opplyser Gunnarstein. Han er godt nøgd med måten verftet har løyst arbeidsoppgåvene på. Fleire lokale leverandørar, mellom andre MMC, HE Teknikk og JM Montering, har vore med på å utstyre dei nyaste Rostein-båtane. Gunarstein skryt av samarbeidet med alle involverte i arbeidet med brønnbåtane.

Fiskebåtar i fleng

No skiftar verftet litt fokus, i alle fall i overskodeleg framtid. For no står fiskebåtkontraktane i kø. Ikkje for det, fiskebåtar har det vore mange av opp gjennom åra for det tradisjonsrike verftet på Larsnes. Også i det siste.

– No er det ny tur til Polen, mellom anna for å sjå nye Hovden Viking av garde på slepet til Larsnes, opplyser Gunnarstein.

Deretter er det nye fiskebåtar på løpande band, nye Nordhavet, Zephyr som skal leverast til Whalsey på Shetland og endå ein kystfiskebåt der detaljane enno ikkje er offentleggjorde.

Hovden Viking er ein kombinert snurpar og snurrevadar på 46 meter. Han blir også rigga med trålgalge, og skal også frakte levandefisk for reiarlaget som held til i Selje.

Nordhavet er også ein snurpar/snurrevadbåt. Han vert på 38,7 meter og er utstyrt med Naval Consult-Design. Reiarlaget Arnesen AS held til på Engenes i Troms.

Zephyr vert ein skikkeleg «storing» på 75,4 metere lengde. Den pelagiske trålaren som skal til Shetland er designa av Skipsteknisk AS.

Utan sidestykke

– Det er mange førespurnader i denne marknaden, og det stemmer at vi ikkje kan seie ja til alt. Vi føler vi har eit bra driv for tida, seier Gunnarstein som er med på ei bølgje av leveringar frå Larsnes Mek. Verksted nærast utan sidestykke.

Verftet på Larsnes – med 55 fast tilsette – har vore gjennom store moderniseringar og oppgraderingar dei seinare åra. Kaibygging og bygningsmessige utbetringar, inkludert ein ny hall, er på plass. No er det prosjektert meir. Mellom det første ein reint praktisk vil ta tak i no, er ei forlenging av den relativt nye kaia til verftet.