Nyheita blei i dag kjent i ei pressemelding. Klepp er 48 år og er busett i Ålesund. Han er utdanna sivilingeniør i marinteknologi frå Høgskolen i Ålesund og Newcastle University og har ein Master i Business Administration frå BI. Han har også lang fartstid frå den maritime klynga på Nordvestlandet, og har brei leiarerfaring frå internasjonale konsern som Rolls-Royce Marine og Vard.

Planer om vekst

Jan Erik Våge Klepp ser fram til å bidra til vidare vekst i den tradisjonsrike bedrifta i Gursken på Sunnmøre.

 - Plany har alle forutsetningar for positiv utvikling; eit godt omdøme, god kompetanse og løysingar som kundane etterspør i fleire marknader. Dette, kombinert med langsiktig eigarskap som ser verdien i produktutvikling og nytenking, gjer at potensialet for vidare vekst er til stades, seier nytilsett administrerande direktør Jan Erik Våge Klepp.

Leiarskiftet er naturlig då dagens leiar, Liva Christin Notøy, skal ut i svangerskapspermisjon frå hausten, seier styreleiar i Plany, John Ivar Olsen i pressemeldinga. Liva skal tilbake i si tidlegare stilling som økonomileiar etter endt permisjon.

Mange gode kandidatar

Styreleiaren seier vidare at dei hadde ein grundig prosess i å velge ny leiar med mange gode og kvalifiserte kandidatar. Tidlegare erfaring og kompetanse gjorde at valet til slutt falt på Jan Erik Våge Klepp.

Sigbjørn Notøy, gründer og hovedeigar av Plany ser fram til å samarbeide med ny leiar med nye impulsar, og som kan ta bedrifta endå eit steg vidare. Vi har hatt ei fin utvikling dei siste åra, og er godt førebudd til vidare vekst og utvikling.