Det spanske verftet Astilleros de Murueta og Alsaker Fjordbruk på Onarheim har valt havyardeigde Norwegian Electric Systems og Norwegian Control System som leverandør av framdriftssystem og automasjon for sin nye brønnbåt. Båten skal leverast mai 2020. Dette opplyser Havyard i ei pressemelding. '

- Viktig for oss

NCS skal levere IAS/PMS (Integrert automasjonssystem /straum-styringssystem). Sales & Bid Manager, Svein Ove Farstad, seier i pressemeldinga at automasjonsleveransar er eitt av deira mest populære produkt. Ordreboka er no på 18 leveransar.

 – Vi byrjar å få auka aktivitet i Spania. Dette er ein marknad vi ynskjer å vere i. At vi vinn denne kontrakten er viktig for oss. Verftet Astilleros de Murueta i Spania og Alsaker Fjordbruk er nye kundar vi skal levere til, og samtidig som det er eit nytt segment for oss blir dette et veldig spennande prosjekt, seier Farstad.

Alsaker- ny kunde

– Alsaker er ny kunde og vil vere ein stor aktør i forhold til valt utstyr hjå oss, det er veldig spennande og motiverande å få inn nye aktørar som kundar og vi gler oss til eit godt samarbeid framover, seier salsansvarleg i NES, Henry Myhre.

NES skal levere framdriftssystemet. Det inkluderer blant anna elektromotorar, tunnel thrustarar og generatorar.