Ro Fortune døypt i Tromsø

Laurdag døypte Rostein AS sin nye brønnbåt, Ro Fortune. Han er levert av Larsnes Mek Verksted AS.
Nyhende

Ro Fortune er det nyaste skipet i ein serie på fem bygg levert av Larsnes Mek Verksted AS til Rostein AS. Overleveringa skjedde til avtalt tid, noko som kjem godt med i ein travel sommarsesong, skriv Rostein i ei pressemelding. Laurdag blei den døyt i Tromsø. Gudmor for var Camilla Sandøy.

Brønnbåten skal vere stasjonert i Nord-Norge med Troms og Finnmark som dei viktigaste aktivitetsområda.

Ro Fortune og dei andre i serien er utrusta med trinnvis energiproduksjon med dieselelektriske generatorar samt moglegheit for å kombinere utsleppsfri parasittbehandling og transport av laks