Sunnmørsposten skriv i dag om den lidenskaplege fugleeksperten og fotografen Ingar Støyle Bringsvor frå Sandsøya. Nyleg fanga han nemleg bilete de ser over, der ein RIB-båt frå 62 grader nord tydleg skremmer vekk lomvi og alke ved fuglefjellet på Runde. Lomkvi er ein art som i det siste har blitt sterkt redusert i følgje fugleekspertane som Sunnmørsposten sin journalist har snakka med.

Sjokkerande

Ingar Støyle Bringsvor seier det var sjokkerande å registrere på nært hald kva som skjedde:

– RIB-båten kom køyrande i sakte fart inn mot fuglefjellet, for deretter å speede kraftig opp rett gjennom fugleflokken som låg på sjøen.

Han stiller seg særs kritisk til at kommersielle krefter driv på slik. Og:

– Det er dessverre ikkje det einaste dømet på hasard-køyring med båt ved Runde. Eg har fleire gongar sett privatbåtar med få personar som i stor fart brasar rett gjennom fugleflokkar som ligg på sjøen, seier Bringsvor i ein kommentar til Vestlandsnytt.

Beklagar

– Dette må vi berre beklage, dette er i strid om alle instruksar båtførarane har fått, seier dagleg leiar Knut Flakk i 62° Nord til Sunnmørsposten.

Han lovar å ta ei runde internt og informere om viktigheita av instruksane dei har, som tydleg forbyr slik åtferd. Samstundes peikar også Flakk på at 62 grader nord berre er ein av fleire aktørar i området.

Lensmann: – Uheldig

NRK Møre og Romsdal opplyser at tilfellet har blitt meldt inn til Søre Sunnmøre lensmannsdistrikt. Hendinga skal no etterforskast, og lensmann i Tor Sæther er ikkje begeistra over saka.

– Om dette stemmer så er det uheldig at det blir for mykje aktivitet i nærleiken no som fuglane har barn og egg å passe på, seier Sæther til NRK.