Fylkesmannen vil vurdere å klage dersom kommunen tillet bygging av ein omstridd utmarksveg i Tjørvåg.

Stansa arbeidet

Etter klage frå naboar vart anleggsarbeidet for ei tid sidan stansa av kommunen. Arbeidet var då igangsett utan søknad om løyve, og det er den seinare innsende dispensasjonssøknaden Fylkesmannen no kjem med kritiske merknader til:

Fylkesmannen stiller seg for det fyrste spørjande til kva som utløser behovet for køyreveg til naustet og meiner det omsøkte tiltaket vil forringe naturkvalitetane i strandsona.

Vi rår difor sterkt ifrå at det blir gitt dispensasjon for etablering av vegen, og vil vurdere å klage på eit positivt vedatak, skriv fagsjef Jon Ivar Eikeland.

Må tilbakeførast

Fylkesmannen meiner at i og med at tiltaket allereie er gjennomført, må området tilbakeførast så godt det let seg gjere med dei massane som er på staden.

Derimot har Fylkesmannen ikkje vesentlege merkander til at grunneigaren får lov til å reparere moloen ved naustet.