Arbeidsløysa i juni:

God utvikling

Arbeidsløysetala kryp stadig nedover, men framleis er det betydeleg fleire arbeidsledige på Søre Sunnmøre enn i resten av fylket.

GOD UTVIKLING: NAV Møre og Romsdal melder om god utvikling i arbeidsløya med samanhengande nedgang det siste halvtanna året. 

Nyhende

Både i Herøy, Ulstein og Hareid minka talet på arbeidsledige i juni. Desse tre kommunane har heilt sidan offshorekrisa sette inn vore stabilt plassert i øvste skiktet av fylket sin arbeidsløysestatistikk. Det gjeld særleg Hareid og Herøy, og som dei einaste i fylket har desse to kommunane framleis over fire prosent av arbeidsstyrken utan arbeid.