Nytt forsøk på trenering av Stad skipstunnel

Med så openberre manglar den nye kvalitetssikringsrapporten av Stad skipstunnel skiltar med, nøler underteikna ikkje med å kalle rapporten eit nytt forsøk på trenering av prosjektet.

Det har vore utalege utgreiingar om dette prosjektet, som har kome eit godt stykke inn i førebuingane fram mot bygging. Men den siste rapporten er negativ.  Foto: Stad skipstunnel

Nyhende

Den nye KS2-rapporten som er levert av Atkins Norge og Oslo Economics vert rett nok rekna som ein uavhengig rapport. Men det er grunn til å sjå på oppgåva dei har fått frå styresmaktene si side, der konsulentselskapa har fått beskjed om å ikkje rekne på ei rekkje viktige faktorar for skipstunnelen.