Tre mål og tre viktige poeng til Bergsøy

- Herleg avslutning på vårsesongen

Valder klarte å fiske til seg to mål i kampen mot Bergsøy, men det var likevel mannskapet til Toni Sandanger som gjekk sigrande ut frå bortekampen.

Straffe: Her ser vi Franjo Tepuric sette 2-1 målet for Bergsøy.  Foto: Thomas Teige Sporsheim

Nyhende

Dagens bortekamp mot Valder fekk ein heller kjip start for Bergsøy, då heimelaget etter berre få spelte minutt sette inn fyrste mål for kampen.