For ting ser liksom ut til berre å «falle på plass» når denne enorme dugnadsgjengen er i sving. Truleg har det noko å gjere med erfaringa som organisasjonen «Herøyspelet» har opparbeidd seg gjennom meir enn 25 år.

– Nokre har vore med sidan dag éin. Men litt slitasje vert det no, seier Steinsvik.

Problematisk er det elles ikkje. Herøyspelet fungerer nemleg som ein «studiering»,

– Her er masse amatørar som vert lærte opp av dei profesjonelle eller meir erfarne, seier Steinsvik.

Det gjeld alle arbeidsgruppene, frå sminke, kostyme og alt teknisk, til skodespel og song.

Får støtte

Denne kursinga går sjølvsagt føre seg før spelhelga.

– Om lag 190 frivillige aktørar er i sving under øvingane fram mot spelet. I fjor jobba dei totalt 5658 timar på denne tida, seier Steinsvik.

Kvart år vert kvar einaste bidragsytar og kvar einaste dugnadstime registrert og notert ned i ei bok. Loggføringa er viktig for at Herøyspelet skal kunne ta imot statleg kulturstøtte.

– Fordi vi organiserer Herøyspelet som eit kurs, får vi økonomisk støtte gjennom studieforbundet AOF Møre og Romsdal. I fjor fekk vi vel 40.000 kroner, seier Steinsvik.

Men støtta er avhengig av at organisasjonen fyller ein del kriterium ...

– Til dømes må vi ha 75 % oppmøte, seier Steinsvik.

Enormt engasjement

Under sjølve spelhelga er der, i tillegg til dei rundt 200 personane som allereie bidrege under øvingane, om lag 100 ytterlegare dugnadsarbeidarar.

– Dei er alt frå parkeringsvaktar til billettørar og kioskansvarlege, seier Steinsvik.

I fjor jobba dei til saman 290 frivillige om lag 1900 timar berre under spelhelga.

– Så då var vi oppe i totalt 9838 timar produserte på dugnad i fjor, seier Steinsvik.

– Ein bra organisasjon

Hugsar du då Fosnavåg konserthus inviterte til VAMP-konsert på Herøy amfi i juli 2016? Det hadde truleg ikkje gått om det ikkje var for Herøyspelet.

– Det var same organisasjon som trødde til igjen – fordi vi er ein ganske bra organisasjon, og vi kan det vi gjer, seier Steinsvik.

I august er det Hellbillies sin tur til å spele på utescena.

– Det er også ein synergi av Herøyspelet. Folk stiller opp der også, seier Steinsvik.

Takksam

I morgon går Herøyspelet «Kongens ring» av stabelen for 27. gong på Herøy gard. Ein ting er sikkert: Det hadde aldri gått om det ikkje var for alle eldsjelene som gjer alt dei kan for å drage denne enorme dugnaden i hamn.

– Det er svært at alle desse menneska stiller opp år etter år. Vi er veldig takksame for innsatsen, både på og bak scena, avsluttar Tor Sindre Steinsvik.