Konkurransen frå Ulstein-badet den siste månaden hindra ikkje at Sunnmørsbadet kom ut med auke i både inntekter og resultat i 2017.

Sjølv utan nyheitseffekten å flyte vidare på, greidde Sunnmørsbadet altså å auke omsetninga i høve til opningsåret 2016. Det er kanskje det mest interessante med rekneskapen for det andre driftsåret som blei framlagt på generalforsamlinga denne veka.

Tala viser at omsetninga auka med 267.000 kroner, til samla driftsinntekter på 12,1 millionar kroner i 2017. Driftsresultatet blei på 140.000 kroner etter at avskrivingar er trekte ifrå.

Vel 1,7 mill. kroner i avskrivingar fortel at driftsresultatet blei på solide 1,856 mill. kroner i 2017, mot 1,657 mill. kroner året før. Årsresultatet blei på minus 581.000 kroner.

Resultatet må òg vurderast i forhold til at Sunnmørsbadet er det einaste i Møre og Romsdal som må stå på eigne bein og ikkje har offentleg driftsstøtte å lene seg på. Faktisk kjøper kommunen mindre tenester frå Sunnmørsbadet enn tilfellet var med det gamle varmtvassbassenget.