Det vart jubel på Larsnes stadion då LGFK vann sin fyrste kamp sidan slutten av april.

Jan Petter Mork gav heimelaget leiinga mot Valder allereie etter tre minutt. Voldingen vart spelt åleine gjennom og plasserte kaldt og kontrollert ballen i lengste hjørne.

LGFK hadde største initiativet dei fyrste 20 minutta og produserte fleire sjansar i det som var den mest hendingsrike perioden av kampen. Også Valder kom til skot, men 1–0 stod seg til pause.

God LGFK-kontroll

I starten av 2. omgang var Valder nære utlikning på eit hardt og velplassert skot, men Olav Rekdal redda meisterleg. Den siste halvtimen hadde LGFK god kontroll. Laget skapte fleire store sjansar utan at bortelaget produserte ein einaste ein.

Kapteinen avgjorde

2–0 kom 20 minutt før slutt få Martin Haanes glimrande spelte Anders Vaagen gjennom. Kapteinen gjorde ingen feil åleine med keeper, til stor jubel på bane og tribune.

Den andre sigeren for året gjer at LGFK klatra forbi Hareid og ligg no fjerde sist på tabellen.