Kvart år sidan 2013 har Norsk musikkråd kåra ei norsk kommune som har utmerka seg i arbeidet med å legge til rette for lokalt musikkliv. Kåringa tek utgangspunkt i kva moglegheiter innbyggarar, i alle aldrar, har til å delta i og oppleve musikk. Juryen ser blant anna etter gode planar for musikkliv, gode øvingslokale og arenaer for framføring, og sist kor godt kommunen markerer seg i det lokale musikklivet.

Prisen er ein sjekk på 50 000 kroner og skal brukast til musikktiltak i kommunen. Ein fagjury vil ta ei samla vurdering på eit jurymøte 25. juni. Vinnaren vil blir kåra på jurymøtet, men resultatet vil bli halde hemmeleg inntil vidare.

Bakgrunn for nominasjonen:

Dei nominerte kommunane er valt ut på bakgrunn av Kostra-tal utarbeida av Telemarksforsking.

Dette ligg til grunn:

- Talet på musikarar i kommunen

- Tildelingar frå Frifond musikk

- Musikkundervisning i kulturskulen

- Deltaking i musikkskulen.

- Deltakarar på kurs i regi av musikkens studieforbund

- Medlem i kor og korps

Konkurrerer med ni andre

I alt er det ti kommunar som knivar om den gjæve tittelen. Dei andre nominerte er: Kviteseid, Kvitsøy, Bø i Telemark, Os i Hedmark, Folldal, Frosta, Volda, Rendalen og Tynset.

Veldig kjekt

Kulturleiar i Herøy kommune, Eileen Gjerde, meiner det er ei stor ære å få nominasjonen.

– Dette viser at vi som kommune gjer det bra. Dette er spesielt takka vere frivillige lag og organisasjonar som er med på å skape eit yrande musikkliv og ein god rekrutteringsarena for store og små i kommunen. I Herøy har fått til eit flott samarbeid mellom offentlege og private tilbod. Ei av våre største styrker er det mangfaldet vi har av kulturelle visingsarenaer, seier Gjerde, og trekk spesielt fram kulturskulen som ein vital medspelar.

Sjølv vurderar ho Herøy sine sjansar som gode.

– Eg dristar meg til å seie at Herøy er ein sterk kandidat.